No kan du avgjere “Årets kultur-idé”
Vi har saman med NRK Sogn og Fjordane etterlyst “Årets kultur-idé” i fylket. No er 10 finalistar klare, og du kan avgjere kven som får 100.000 blanke kroner til å gjennomføre sitt prosjekt.
Det er Sparebankstiftinga og NRK Sogn og Fjordane som saman står bak konkurransen “Årets kultur-idé 2012”, og 35 ambisiøse idéar låg på bordet når søknadsfristen var passert. No har juryen altså plukka ut 10 finalistar til å vere med vidare, og NRK Sogn og Fjordane vil i vekene framover gje alle finale-kandidatane fyldige presentasjonar i både radio og på nett.
Kven som vinn vert bestemt av røystene frå publikum (tel 50%) og ein fagjury som består av musikar og komponist Laila Beathe Førde, forretningsutviklar og sjef på Distriktssenteret i Sogndal Steinar Fredheim, og kultursjef her i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane Pål Fidjestøl.
Vil du vere med og stemme på din favoritt? Klikk her for å sjå finalistane og delta i avstemminga på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider (og er du ivrig, kan du stemme ein gong kvar dag på din favoritt).
Vinnaren vert annonsert på Balejazz 11. mai, og sjølvsagt direktesendt på NRK Sogn og Fjordane.