Søk Furorestipend
Sparebankstiftinga vidarefører dei personlege Furorestipenda som ein tidlegare har kunna søke Sparebanken Sogn og Fjordane om, og opprettheld dermed ei av dei mest profilerte stipendordningane i Sogn og Fjordane.
Skihoppar Anders Fannemel fekk hovudstipendet i 2010
SØKNADSFRISTEN FOR FURORESTIPENDET ER DIVERRE UTE FOR 2012.
NESTE RUNDE FURORESTIPEND VERT UTLYST VÅREN 2013.
Kven kan søkje?
Sparebankstiftinga inviterer med dette alle i alderen 15-30 år (dvs frå det året du fyller 15, til det året du fyller 30) til å søkje om Furorestipend. Stipenda er på frå 25.000 og opp til 100.000 kroner, og går som før til framifrå utøvarar som er på internasjonalt nivå innan sitt felt. Furorestipenda har tre kategoriar: kultur, idrett og open klasse – som tyder at talent innan alle felt kan søkje. Tidlegare har såvel håntverkarar som musikarar, idrettsfolk, forfattarar, dansarar, designarar og filmskaparar fått stipend – for å nemne nokon.
Merk deg at Furorestipenda i år har ny søknadsfrist 15. Juni.
Jury
Fagjuryen er samansett av personar knytt til idrett- og kulturliv i fylket, saman med representantar frå Sparebankstiftinga.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver til allmennyttige føremål, og Furore er einaste ordninga kor ein kan få personlege stipend frå stiftinga.
Tidlegare vinnarar
Du kan lese meir om vinnarane av tidlegare Furorestipend her: 2009 // 2010 // 2011
Les meir om Furore og tidlegare tildelingar på Meir enn bank-bloggen: http://meirennbank.no/furore
Har du spørsmål om Furorestipenda, kan du kontakte kultursjef Pål Fidjestøl på tlf 911 58 009 eller på e-post [email href=”pf@sparebankstiftinga.no”]pf(at)sparebankstiftinga.no[/email].
Korleis søkje?
Du søkjer Furorestipend ved å fylle ut dette skjemaet og trykkje på “send inn”-knappen innan 15. juni:
[Søknadsskjemaet er fjerna sidan søknadsfristen er ute for i år – nytt skjema vert lagt ut ism. ny runde våren 2013.]