Rapport for tidlegare mottekne gåver
Frå og med 2012 er det krav til at ein sender inn rapport for alle mottekne gåver frå Sparebankstiftinga. Heldigvis har vi gjort det veldig enkelt. Les korleis du rapporterer for gåva her.
For gåver tildelt frå og med 2012 rapporterer du på same måten som du søkte om midlar; ved å logge deg inn på søknadsportalen – sjå detaljert skildring av framgangsmåten her.
Rapporten skal sendast etter at tiltaket er gjennomført, og seinast innan eitt år etter at gåva vart tildelt.
For tildelingar i 2011 er det berre krav om rapport for gåver på 20.000 kroner eller meir. Desse må fylle ut manuelt skjema som ein kan laste ned her. (Gjeld altså BERRE gåver tildelt i 2011!)
Er du i tvil om gåva du vil rapportere for høyrer heime i 2011 eller 2012, kan du finne det ut på denne sida.