Søknadskurs i august
Tre søknadskurs er planlagt før søknadsfristen 1. september: Sandane onsdag 22.08, Florø torsdag 23.08 og Leikanger torsdag 30.08.
Sparebankstiftinga sine gratis kurs i søknadsskriving som vi byrja med i vår, har hatt god oppslutnad, og tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært positive. Kurset fokuserer på korleis ein skriv gode søknadar, både til oss i Sparebankstiftinga og til dei mange andre støtteordningane og stipenda som finst her til lands. Kurset passar for alle som har tiltak/prosjekt dei ønskjer å søkje om finansiering til, uansett kategori – men er i hovudsak innretta mot frivillege organisasjonar.
Søknadskurs i august:
Onsdag 22. august kl. 18.00-21.00 i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler på Sandane. Påmelding til ingvill.hestenes@ssf.no
Torsdag 23. august kl. 16.30-19.30 på Samfunnshuset i Florø. Påmelding til sivklokk@online.no.
Torsdag 30. august kl. 18.00-21.00 på Leikanger Fjordhotel. Påmelding til arnstein.haustaker@ssf.no
Felles for kursa er at det er høve for alle å delta. Det er ingen påmeldingsfrist, men vi tek atterhald om ledig plass. Enkel servering på kurset. Kursmateriell vil bli utdelt.