Skjema for “Fullstendig søknad” opnar 1. februar
Vi gjer klar for ei ny runde med utdeling av gåver over 10.000 kroner her i Sparebankstiftinga.
Som hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane skal Sparebankstiftinga dele ut overskot frå banken til allmennyttige tiltak i fylket. Hovud-delen av midlane vert delt ut i våre tildelingsrundar på våren og hausten, med søknadsfrist 1. mars og 1. september. Her er det høve til å søkje om frå 10.000 kroner og oppover, og det er altså dette vi kallar “Fullstendig søknad”. Dette søknadsskjemaet vert opna ein månad før kvar søknadsfrist, dvs. det er høve til å søkje frå og med fredag.
Sparebankstiftinga sine midlar har vorte ettertrakta, noko som vitnar om fantastisk aktivitet på det frivillige feltet, og det er flott! Men diverre kan vi ikkje imøtekome alle; i fjor fekk vi t.d. inn søknadar om heile 105 millionar på dei 9 millionane vi hadde til disposisjon. Vi oppmodar difor til å også søkje andre fond, stipend og støtteordningar om støtte til allmennyttig verksemd. Sjå nedst på denne sida om du vil ha tips til andre stader å søkje om pengar.
Handsaming av søknadane vil ta ca 8 veker, slik at svar på søknadane kan ventast i byrjinga av mai. Alle søkjarar vil få svar på søknaden til epostadressa ein sender søknaden frå, og alle gåver frå Sparebankstiftinga vil bli annonsert på denne sida.