Oppfølging søknadskurs – Sunnfjord: 25. februar
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane byrja i fjor vår å halde innføringskurs i korleis skrive gode prosjektsøknadar, noko som har vore ein kjempesuksess. Til no har over 500 eldsjeler i fylket fått tips til kva både vi og andre stønadsforvaltarar synst er gode søknadar, og deltakarane har gitt svært gode tilbakemeldingar på kurset.
Difor arrangerer vi no oppfølgingskurs for deg som vil følgje dette emnet litt lenger. Også dette kurset er gratis; men vi føreset at du har delteke på innføringskurset. Dette kurset vil spesielt ha fokus på korleis du bør presentere eit prosjekt, så det er mest relevant for deg som har eit konkret prosjekt du held på med å finne finansiering til (evt. står foran ein slik prosess).
Kurset blir arrangert på Studentkroa Akutten i Førde måndag 25. februar 2013 klokka 1800-2100.
Påmelding til [email href=”post@sparebankstiftinga.no”]post[at]sparebankstiftinga.no[/email] Ver ven å skrive fullt namn, mobilnr og kva organisasjon du kjem frå i påmeldinga (NB på alle, viss du melder på fleire). Ingen påmeldingsfrist, men vi tek atterhald om ledig plass (max 20 personar!)
Det blir enkel servering på kurset. Kurshaldar er kultursjef Pål Fidjestøl, og lokal kursvert er Studentsamfunnet i Førde.
Har du ikkje fått med deg innføringskurset i søknadsskriving? Det blir nok ikkje så lenge til neste kurs – følg med på sidene våre om du er interessert i dette.