3,5 millionar auke i gåvebeløp
Stiftinga sitt høgste organ Generalforsamlinga vedtok 18.04.13 m.a. å auke gåvebeløpet frå 9 millionar kroner til 12,5 millionar kroner. Les meir om vedtaka her.
Stiftinga heldt si ordinære Generalforsamling torsdag 18. april, og i tillegg til vedtaket om å auke det årlege gåvebeløpet med 28%, vart det m.a. gjort vedtak om:
Val av styre; samt reduksjon av styret frå sju til fem medlemer
Styreleiar Trude Brosvik (Gulen) og styremedlem Kåre Furnes (Måløy) var ferdige med sine periodar, og desse vart ikkje erstatta. I staden vart styret redusert frå sju til fem medlemer. Tidlegare nestleiar i styret Kjartan Strand (Florø) vart vald til ny styreleiar, og styremedlem Aslaug Nesje Bjørlo (Sandane) blei ny nestleiar. I tillegg vart Lise Mari Haugen (Askvoll) gjenvald som styremedlem. (styremedlemer Tore Jakob Madsen og Bjørn Vollstad har elles eitt år igjen av sine styreverv.)
Halvering i godtgjersle for styremedlemer, nestleiar og leiar av valnemnd
Sparebankstiftinga tilstreber ei kostnadseffektiv drift for at mest mogleg av pengane skal gå til gåver, og minst mogleg til administrasjon og drift. Generalforsamlinga syns difor det var eit viktig signal at ein nyttar sparekniven også på eigne godtgjersler til styre og valnemnd. Dette var òg ei grunngjeving for å redusere talet på styremedlemer. Dermed vart godtgjersla til styremedlemene og nestleiar halverte, medan godtgjersla til leiaren av valnemnda vart stroke heilt. (Styreleiar si godtgjersle vart elles halde på same nivå, av di ein ventar ei stor auke i styreleiar si arbeidsmengd i tida frametter.)
Årsmelding
Generalforsamlinga godkjente òg styret si årsmelding for 2012, som du kan laste ned her.
(mindre) endring av føremålsparagrafen i stiftinga
Det vart gjort nokre mindre endringar i stiftinga sin føremålsparagraf, slik at ordlyden blir lik dei fleste andre sparebankstiftingane. Du kan lese den nye formuleringa i møteprotokollen, som du kan laste ned her. (Alle endringar i vedtektene skal godkjennast av Finanstilsynet, og vert difor ikkje gjort gjeldande før slik godkjenning ligg føre.)
Det er dessutan halde innskytarval i forkant av Generalforsamlinga: 11.-13. mars vart følgjande innskytarar vald inn i Sparebankstiftinga si Generalforsamling:
Medlemer: Gro Rukan, Tom Joensen og Inger Birgitte Flatjord Kjøsnes (valde for 4 år).
Varamedlemer: Britt Tjønneland, Viggo Leikanger, Dag Rune Mallasvik og Jon Rune Heimlid (valde for 1 år).
Det vart elles avlagt 8884 stemmar ved valet, noko som er rekord med solid margin.