Svarfrist på “Forenkla søknad” i sommar
På grunn av ferieavviklinga i Sparebankstiftinga blir det litt lenger handsamingstid på søknadane som kjem inn dei neste par vekene, og kontoret held stengt i veke 26-28.
Som kjent er det mogleg å søkje om allmennyttige gåver på under 10.000 kroner fortløpande her i Sparebankstiftinga; gjennom “Forenkla søknad” der vi ordinært lovar svar innan fire veker. “Forenkla søknad” er primært innretta mot dei mange lokale tiltaka som har litt kortare planleggingshorisont, difor prioriterer Sparebankstiftinga høgt å overhalde denne svarfristen.
Ordninga med forenkla søknad har elles blitt svært populær; faktisk er over halvparten av alle søknadane hit til Sparebankstiftinga i denne kategorien. Difor har vi òg tredobla denne posten sidan den vart oppretta i fjor!
Men på grunn av ferieavviklinga er det eit par veker som “forsvinn” for oss i sommar, så vi ber om forståing for at det kan gå litt lenger tid for søknadane som kjem inn i uke 25-27.
Neste runde med svar på “forenkla søknad” vil dermed bli sendt ut seinast i veke 33; og då rekner vi med å vere i rute igjen, slik at de som sender inn søknad seinare enn uke 27 vil få svar som normalt.
Sparebankstiftinga ønskjer elles alle ein GOD SOMMAR!