Fire millionar i gåver!
Styret i stiftinga vedtok på styremøte denne veka å dele ut 57 gåver på til saman 4 millionar kroner til allmennyttige føremål i fylket vårt.
Styret i Sparebankstiftinga slutthandsama denne veka alle søknadane som var komne inn til søknadsfristen 1. september, og beslutta å dele ut heile 4.007.000 kroner. I dag byrjar den glade jobben med å sende ut tildelingsbrev!
Stiftinga har så langt i år motteke over 660 søknadar om til saman over 71 millionar kroner, så sjølv om stiftinga har auka rammene for gåver frå 9 millionar i 2012 til 12,5 millionar kroner i år, har vi diverre ikkje rom for å imøtekome alle søknadane. Men det blir i alle fall fleire og/eller større gåver enn i fjor!
Alle tildelte gåver vert publiserte på sida Tildelte Gåver fortløpande. Men vi gjer merksam på at vi ikkje rekk å sende ut svar til alle i dag – på grunn av mange søkjarar kan det hende de ikkje får svar på søknaden før på måndag 4. november. Vi ber om forståing for dette.