Nytt søknadssystem!
Sparebankstiftinga har utvikla eit nytt søknadssystem i samarbeid med Mediebruket, som vi lanserte 10. februar i år. NB alle søkjarar må REGISTRERE SEG PÅ NY i nytt system!
Frå og med i dag får du altså opp ei ny søknadsside når du går inn på vårt Søknadsskjema. Det følgjer i grove trekk same mønster som det førre skjemaet, så for dei fleste blir ikkje endringa særleg merkbar. Men på nokre funksjonalitetar vil ein merke endringar; til dømes velgjer du kven du søkjer for frå ein meny. Dette er for å få ein felles skrivemåte for kvart lag, og for å kryss-sjekke denne opp mot Brønnøysund (så du slepp å pugge org.nummeret…).
Vi gjer merksam på at alle må registrere seg på ny i det nye søknadssystemet, då dette ikkje er linka opp til det førre systemet.
Skal du sende inn sluttrapport for tidlegare mottekne gåver (påkravd for alle gåver), må du framleis nytte det gamle systemet. Då klikkar du først på Søk om midlar og velgjer Rapport for tidlegare gåve, og loggar inn med den same epostadressa og passordet du nytta når du sendte søknaden, akkurat slik som før.
Har du spørsmål eller kommentarar til det nye systemet? Kontakt administrasjonen! Vi hjelper deg gjerne; evt. tar imot ris og ros!