Vi startar leitinga etter “Årets Gründer 2014”
Foreslå di bedrift, eller din favoritt, innan 1. oktober for å vere med i tevlinga om tittelen – og 100.000 kroner!
Er du, eller nokon du kjenner, i startfasen på noko som kan bli ei av fylkets nye suksessbedrifter? Då kan du bli Årets Gründer 2014.
31.oktober skal «Årets gründer 2014» kårast i Sogn og Fjordane. Det er tredje gong prisen vert delt ut, og den heldige vinnaren får med seg 100 000 kroner som startkapital til nyskapinga si. Målet med prisen er å stimulere til auka innovativ aktivitet i fylket, og gje dei som allereie er innovatørar ei viktig merksemd.
Utdelinga er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Framtidsfylket og Sparebankstiftinga.
Etter søknadsfristen vert det plukka ut om lag 5 finalistar, som kvar vert presentert på Innovasjon Norge sin Gründerdag i Førde 21. oktober. Publikum vert deretter invitert til å stemme fram sin favoritt blant finalistane på framtidsfylket.no fram til vinnaren vert kåra på Temposeminaret i Florø 31. oktober.
I 2012 var det dataverksemda Highsoft Solutions frå Vik i Sogn som vann kåringa, medan Nordfjordverksemda Melin Medical gjekk av med sigeren i fjor. Begge desse verksemdene har hatt ein eventyrleg vekst, men Fidjestøl understrekar at ein ikkje treng å vere like langt i utviklingsprosessen for å søkje.
I tillegg til førstepremien, overraska Innovasjon Norge i fjor med å stille opp med like mykje pengar fordelt på ytterlegare to bedrifter: Digital Etikett og Askvoll Sjømat og Delikatesser. Midlane til “andreplassane” vert òg vidareført i år, og det at Innovasjon Norge stiller opp i slik grad fortel mykje om kva tyngd og kraft prisen har fått for både vinnarar, finalistar – og for gründer-kåra i fylket.
Juryen vil bestå av: Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, adm. direktør Sparebanken Sogn og Fjordane og Gro Rukan, dagleg leiar av Framtidsfylket.
Vilkår for å delta i konkurransen:
- Vere stifta for mindre enn 5 år sidan
- Vere utvikla av personar frå Sogn og Fjordane og/eller utvikla (heilt eller delvis) i fylket
- Ta utgangspunkt i ein konkret teneste- eller produktidé, der som er kome så langt i utviklinga at kommersialisering er komen i gang. Det vil seie; kan vise til inntekter.
- Vere berekraftig og ikkje skape negative følgjer for miljøet
- Idéen/ prosjektet si evne og vilje til å skape aktivitet, omsetnad og arbeidsplassar i fylket vil dessutan kunne slå ut positivt uti kåringa.
Frist for å sende inn forslag til kandidatar er tirsdag 1. oktober. Send ditt forslag til post@sparebankstiftinga.no med ei kort grunngjeving om kvifor du meiner dei burde vinne. (Ingen sals-, rekneskapstal eller annan dokumentasjon er naudsynt; juryen vil hente inn alle naudsynte fakta)