Val til generalforsamlinga i Sparebankstiftinga 2015
9.-11. mars 2015 skal det avholdast elektronisk val til representantar i stiftinga si generalforsamling. Les meir om generalforsamlinga og kandidatane her.
Sparebankstiftinga er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane og har som sine to hovudoppgaver å forvalte eigarskapen av banken på ein god måte; og dele ut gåvemidlar til allmennyttige tiltak frå overskotet av bankdrifta.
Stiftinga sitt øvste organ er Generalforsamlinga, og det er kundane i banken som velgjer representantane til generalforsamlinga. Valet vert gjort elektronisk i perioden 9.-11. mars, og alle røysteføre får tilsendt røystesetel på epost.
Generalforsamlinga sine oppgåver kan du lese om i vedtektene våre; dei mest sentrale oppgåvene er å velje stiftinga sitt styre og avgjere kor mykje pengar stiftinga skal dele ut i gåvemidlar kvart år.
Valnemnda har i år tilrådd at følgjande kandidatar vert valt inn på fast plass for 4 år i generalforsamlinga:
Jon Gimmestad (Gloppen): f. 1951. Autorisert rekneskapsførar. Driv rekneskapsverksemder både i Nordfjord og Sunnfjord. Har diverse styreverv i privat og offentleg sektor.
Anne Margrethe Ramstad Øvsthus (Førde): f. 1950. Pensjonert sjukepleiar.
Magnar Aasebø (Vågsøy): f. 1956. Direktør i Vest- Norges Fiskesalslag, Måløy. Tidlegare politikar i Vågsøy kommune. Har hatt styreverv i fleire ulike selskap. Utdanning frå Universitetet i Bergen.
I tillegg tilrår valnemnda følgjande kandidatar til varaplass for eitt år:
Dag Rune Mallasvik (Naustdal): f. 1962. Teamleiar i Sunnfjord Energi. Trenar og leiar i Tambaskjelvar IL. Elektroutdanning.
Jon Rune Heimlid (Stryn): f. 1972. Business Development Manager i OptiPro AS. Tidlegare arbeidd i Vest Buss AS og Vidre AS. Utdanning frå BI.
Linda Hovland (Fjaler): f. 1967. Utanning innan marknadsføring. Dagleg leiar i Fjaler Næringsutvikling.
Laila Johannessen (Hyllestad): f. 1967. Bedriftseigar og dagl.l ved eMal AS frå 2012.Tidlegare m.a. økonomisjef i Gjensidige Bank og seksjonssjef for økonomi- og personal i Hyllestad kommune. Bachelor i økonomi og kurs i styreleiing.
Utanom desse er det forslag om 7 andre kandidatar som ikkje er innstilt av valnemnda:
Steinar Velle (Leikanger): f. 1940. Pensjonist. Tidlegare sorenskrivar.
Åge Avedal (Førde): f. 1979. Faglærar. Dagleg leiar i Sogn og Fjordane 4H.
Per Øyvind Sørbø (Flora): f. 1960. Jobbar som HR-rådgjevar i Sogn og Fjordane Energi. Aktiv innan idrett og bygdeutviklingsarbeid.
Stein Bjørhovde (Eid): f. 1970. Sivilingeniør frå NTH 1993. Medeigar og tilsett i Bas Engineering AS. Diverse styreverv.
Karianne Brøndbo Bergheim (Sogndal): f. 1971. Siviløkonom/statautorisert revisor. Arbeider som økonomidirektør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Hilde Karin Refvik (Vågsøy): f. 1966. Bedriftsøkonom. Økonomiansvarleg i Atlantic Seafish AS i Måløy.
Berit Seljeset Osa (Flora): f. 1956. Autorisert Rekneskapsførar. Controller i Flora kommune. Tidlegare dagl.l/fagl.l i rekneskapsbransjen. Har også vore kommunepolitikar i Flora kommune.
Alle kandidatane er valbare jfr. stiftinga sine vedtekter.
Generalforsamlinga består elles av følgjande representantar:
Bente Nesse (Høyanger)
Tom Joensen (Bremanger)
Arne Klausen (Askvoll)
Jarl Tyssekvam (Gaular)
Gro Rukan (Florø)
Inger Birgitte Flatjord Kjøsnes (Jølster)
Per Hillern (Sogndal)
Jørill Hovland (Sogndal)
Britt Tjønneland (Førde)
Oppdatering: samansettinga av generalforsamlinga etter valet kan du sjå her