Furorestipend: Søknadsfristen er passert
Søknadsfristen for Furorestipend var 15. juni, og det tyder diverre at det er eit heilt år til neste høve til å søkje om stipend til talentfull ungdom.
Furorestipenda blir delt ut til talent i alderen 15-30 år innanfor 3 kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Storleiken på stipenda kan variere frå 25 000 til 100 000 kroner (det vanlegaste stipendet er på 50.000 kroner). Fagjuryen er samansatt av personar med brei røynsle innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket.
Søknadsskjemaet er no fjerna, sidan fristen er passert. Det blir lagt fram att 1 månad før neste søknadsfrist, som altså er 15. juni 2016.
Stipendvinnarane vil få melding om dette i løpet av hausten 2015. Info om stipenda og utdelingane blir lagt ut løpande på www.sparebankstiftinga.no samt på www.meirennbank.no og på facebook-sidene til Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga.
Har du spørsmål om Furorestipenda, kan du kontakte Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.
Cedrik Fonn Skåre og Aud Julie Befring fekk Furorestipend 2012.