Søknadskurs på Sandane 9. februar
Det blir kurs i søknadsskriving i kommunehuset på Sandane (Søreide) 9. februar. Kurset er gratis, og vert arrangert i samarbeid med Gloppen kommune.
Brenn du for noko som krevjer finansiering? Då er dette høve til å få nyttig informasjon. Kurset tar føre seg korleis ein OK søknad bør sjå ut, anten til oss i Sparebankstiftinga eller andre stiftingar, offen er primært tilrettelagt for lag og organisasjonar – men er òg nyttig for enkeltpersonar som skal søkje stipend, organisasjonar på sponsorjakt eller gründerar som søkjer investorar – metodikken er mykje den same.
Kurset varer i tre timar inkl. matpause, og tidspunktet er kl. 18 til 21.
Meir info: sjå Gloppen kommune si heimeside