To millionar til lokale kulturbygg
Sparebankstiftinga samarbeider med fylkeskommunen og Huset i Bygda om utvikling av kulturbygg, og lyser no ut til saman to millionar kroner – 500.000 av desse frå stiftinga.
Sparebankstiftinga tok initiativ til ei eiga tilskotsordning for bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus i fjor. Styret i Sparebankstiftinga sette då av ein pott på 500 000 kroner med ein eigen søknadsfrist 15. april for slike tiltak (for alle andre tiltak er fristen 1. mars som vanleg). Dette skapte stort engasjement, og vi fekk inn over 40 søknadar om til saman fem millionar kroner. Sju kulturbygg fekk til saman 500 000 kr til oppussing og modernisering. Ordninga vert difor vidareført med same søknadsfrist i 2017.
Det er over 400 kulturbygg i Sogn og Fjordane. Mange ropar etter oppussing og modernisering, har trekkfulle vindauge og dårlege tak. Det kostar mykje pengar å oppgradere, og det krev stor dugnadsinnsats frå både eigarane og lokalsamfunna.
Viktige møteplassar
– Kulturbygga er viktige møteplassar og trivselsarenaer for alle generasjonar. Dei fleste bygga byrjar å dra på åra, og mange treng rehabilitering og ombygging. Universell tilrettelegging, samt ENØK-tiltak som utskifting av trekkfulle vindauge og gamle dører, isolering og nytt tak står høgt på ynskelista til mange bygg, seier Ingunn Nyheim.
Ho er prosjektleiar for Huset i Bygda, eit prosjekt i regi av Sogn og Fjordane Ungdomslag og har i mange år arbeidd for å styrke kulturbygga. Nyheim meiner eigarane av kulturbygga no må vere om seg og sikre seg midlar til å setje bygga i betre stand.
To søknadsordningar
Det finst nemleg moglegheiter – fylkeskommunen forvaltar ei statleg tilskotsordning med ein pott på ca. 1,5 millionar kroner, og Sparebankstiftinga har sett av 500 000 kroner til kulturbygg i år. Det betyr at det er to millionar kroner som skal fordelast på lokale kulturbygg i fylket i år.
– Den statlege tilskotsordninga gir tilskot til nybygg, ombygging, rehabilitering og modernisering av kulturbygg. Lokale arenaer som til dømes grendahus, ungdomshus og forsamlingshus som inneheld kulturaktivitet som dans, teater, musikk, kunstformidling, vert prioriterte, seier rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Guro Høyvik.
Søk!
Fylkeskommunen, Sparebankstiftinga og Huset i Bygda vil auke aktiviteten og verdiskapinga i lokale kulturbygg. Difor har dei funne saman og vil arbeide for utvikling og engasjement rundt bygga.
– Vi er svært glade for denne felles satsinga på dei små kulturbygga. No må eigarane av kulturbygga vere om seg og søkje. At viktige aktørar som fylkeskommunen og Sparebankstiftinga ser verdien av bygga og aktiviteten som skjer der, er svært gledeleg. Nokon kan ha nytte av å søkje på begge ordningane, eller dei kan søkje berre Sparebankstiftinga sine midlar til bygningsmessige tiltak. Men bodskapen er klar: SØK!, oppmodar Nyheim i Huset i Bygda.
To søknadsfristar
Sparebankstiftinga sin søknadsfrist til denne ordninga er altså 15. april (det kjem meir informasjon og eit eige søknadsskjema her på sida vår i midten av mars). Men søknadsfristen for spelemidlane varierer frå kommune til kommune, dei fleste kommunane har søknadsfrist i månadsskiftet februar–mars. Kontakt din kommune for info om kva frist du skal forhalde deg til.
Samordnar søknadane
Dei tre aktørane vil samordne handsaminga av søknadane i dei to ordningane. Dei som har spørsmål kan ta kontakt med Ingunn Nyheim, som avsluttar med denne beskjeden til eigarar av lokale kulturbygg:
– Vi oppmodar flest mogleg om å nytte seg av denne sjansen og søkje midlar til utvikling av kulturbygg. Vi håpar på mange, gode søknadar, slik at vi får synleggjort det store behovet for midlar til opprusting, rehabilitering og utvikling av lokale kulturbygg, avsluttar ho.
Meir informasjon om spelemidlar til kulturbygg finn du her.
Huset i Bygda si heimeside finn du her.