Ledig stilling: Direktør
Er du den rette til å leie ein viktig samfunnsaktør som forvaltar store verdiar?
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vart etablert hausten 2010. Gjennom eigarskapen sin i den største banken i fylket, Sparebanken Sogn og Fjordane, har stiftinga ein eigen-kapital på nærare 1,9 milliardar og er dermed ein av dei største forretningsstiftingane i landet. Hovudformålet til stiftinga er å forvalte eigarskapet i Sparebanken Sogn og Fjordane og gi gåver til allmennyttige formål.
Vi søkjer etter Direktør
Du må vere ein person med stort engasjement som har interesse for finans, samfunnsutvikling og kultur. Du må vere god til å formidle, vere strukturert, strategisk, sjølvstendig og ha evne til å skape kontaktar i relevante miljø og i fylket.
For å kunne bygge opp og ivareta stiftinga si finansielle portefølje, samt kunne rådgje styret i saker som vedkjem forvaltning av eigarskapen i Sparebanken Sogn og Fjordane, må du som direktør ha god kompetanse og nettverk innanfor bank og finans.
Du må ha leiarerfaring og relevant, høgare utdanning.
Søknad med CV og attestar sendast til:
lise.mari.haugen@sparebankstiftinga.no
innan 21. august 2017.
Har du spørsmål? Kontakt styreleiar Lise Mari Haugen, 934 22 461