VAL AV GENERALFORSAMLING 5-7. MARS 2018
Som innskotskunde i Sparebanken Sogn og Fjordane har du stemmerett ved val av representantar i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt øvste organ; generalforsamlinga. Valet blir gjennomført elektronisk 5., 6. og 7. mars. Du kan òg foreslå kandidatar til generalforsamlinga. Frist for innmelding av forslag er 5. februar. Send dine forslag til post@sparebankstiftinga.no. Få med namn, fødselsår/-dato, yrke og postadresse når du sender forslag. Etter at fristen er gått ut, vil valkomiteen sette opp sitt framlegg.
Det skal veljast inn 3 faste medlemmer for 4 år og 4 varamedlemmer for 1 år til generalforsamlinga.
Dagens generalforsamling
Her finn du oversikt over medlemer og varamedlemer i dag, og kven som er på val.
Kven kan stemme – og velgjast inn?
Myndige innskotskundar i Sparebanken Sogn og Fjordane som er busett i fylket og i dei siste 6 månadane før valet har hatt eit innskot i banken på minst kr 500,- har stemmerett når det skal veljast medlemer til generalforsamlinga. Dei same krava gjeld for kandidatane.