Søknadskurs i august
Vi køyrer som vanleg ein runde med våre populære gratis søknadskurs, i forkant av vår søknadsfrist 1. september. Denne gongen blir det fire kurs kringom i fylket i slutten av august – sjå kvar og når kursa blir her.
Sparebankstiftinga sine søknadskurs tar føre seg korleis ein god søknad ser ut, og har som mål å hjelpe deg til å skrive betre søknadar både til oss i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og alle andre stader de søkjer om midlar.
Kursa har fått veldig gode tilbakemeldingar frå lag og foreningar som seier dei har vore til stor hjelp iht. å få inn meir midlar til verksemda. Samstundes er det ein kjempefin måte for oss å få signal tilbake frå dykk som har søkt om midlar, om kva vi bør prioritere eller justere på. I tillegg ser vi tydeleg at søknadane vi får inn blir stadig betre. Så desse kursa kjem til å fortsette så lenge de vil ha oss på besøk!
I denne runden blir det kurs følgjande stader & tidspunkt:
Måndag 20. august: Leirvik – Hotel Sognefjord, kl. 17.30-20.00
Måndag 27. august: Sogndal – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler, kl. 18.00-20.00
Tysdag 28. august: Stryn – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler, kl. 18.00-20.00
Torsdag 30. august: Dale – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler, kl. 18.00-20.00
Har du lyst til å delta på eit av kursa, kan du melde deg på til post@sparebankstiftinga.no (hugs å opplyse kva kurs du vil delta på).
Alle kurs er som vanleg gratis og varer i 2-2 1/2 time, og det blir enkel matservering på kurset.
Håper vi sjåast – og vel møtt!