25 millionar til trivsel og utvikling i Sogn og Fjordane
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler kvart år ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane til samfunnsnyttige tiltak i fylket.
Aldri før har det vore gitt meir tilbake til samfunnsnyttige tiltak i fylket enn i 2018. Nærare 300 lag, organisasjonar og prosjekt har til saman fått 25 millionar kroner i gåvemidlar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane i fjor.
Det blir lagt ned ein stor innsats i dugnad og frivillig arbeid rundt om i heile fylket. Frivillig sektor er avhengig av økonomisk støtte frå både det offentlege og private for å realisere mange av prosjekta dei ønskjer å gjennomføre. Rekordhøg gåvetildeling frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og god auke i spelemidelsøknader vitnar om at det er svært god aktivitet i frivilligsektor i mange lokalsamfunn i fylket.
Unike dagsturhytter
Det største prosjektet i 2018 er dei unike dagsturhyttene. Saman med fylkeskommunen har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vore med å utvikle og finansiere dagsturhytteprosjektet, der det blir sett opp ei dagsturhytte i kvar kommune i fylket. Dette er eit unikt prosjekt for Sogn og Fjordane som vi er veldig stolt over å vere med på. Vår samla støtte til dette prosjektet var 5,2 millionar kroner, ei gåve som no har utløyst nær 30 millionar kroner i ytterlegare bidrag. Mange av hyttene er blitt sett opp i 2018 og til våren er alle 26 hyttene på plass. Den store spreiinga av dagsturhytte-filmen Sparebanken Sogn og Fjordane lanserte i haust, vitnar òg om at dette prosjektet engasjerer mange.
Gir også avslag
Sjølv om det blir gitt rekordhøge gåvetildelingar i år er framleis samla søknadsbeløp vesentleg større enn rammene Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har til gåveutdeling. I 2018 er det blitt søkt om ca 90 millionar kroner.
Vi klarer naturleg nok ikkje å i møte komme alle søknader, men vi bistår søkjarar med både kurs og rettleiing slik at kvaliteten i søknaden blir best mogeleg. Vår oppmoding er at det er lurt å legg nok arbeid i å utforme ein god og grundig gåvesøknad. Spør oss om du har spørsmål eller lurer på noko.