Val til Generalforsamlinga 2019
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har val til Generalforsamlinga 4.-6. mars.
Som innskotskunde i Sparebanken Sogn og Fjordane har du stemmerett ved val av representantar i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt øvste organ; generalforsamlinga. Valet blir gjennomført elektronisk 4., 5. og 6. mars. Kundar med stemmerett (sjå nedanfor) vil då få epost der ein loggar inn med BankID for å avgi stemme.
Det skal veljast inn 3 faste medlemmer for 4 år og 4 varamedlemmer for 1 år til generalforsamlinga. Kandidatane som er ført opp på 1.-3. plass er innstilt som faste medlemmer, dei 4 neste er innstilt som varamedlemmer og resten av namna på lista er valbare, men ikkje innstilt av valnemnda.
Dagens generalforsamling
Her finn du oversikt over medlemer og varamedlemer i dag, og kven som er på val.
Kven kan stemme – og velgjast inn?
Myndige innskotskundar i Sparebanken Sogn og Fjordane som er busett i fylket og i dei siste 6 månadane før valet har hatt eit innskot i banken på minst kr 500,- har stemmerett når det skal veljast medlemer til generalforsamlinga. Dei same krava gjeld for kandidatane.