Søk om Furorestipend 2019
Furorestipenda blir delt ut til talent frå Sogn og Fjordane*) i alderen 15-30 år innanfor 3 kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Stipenda er vanlegvis på 50.000 kroner (men kan variere). Fagjuryen er samansatt av personar med brei erfaring innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket.
Vi ber om at det er kandidaten sjølv som søkjer; søknad utfylt av føresette/instruktørar vil ikkje bli prioriterte.
Søknadsskjemaet finn du i vår søknadsportal; sjå snarveg HER (velg skjema “Furorestipend” etter at du har logga inn i søknadsportalen)
Har du spørsmål om Furorestipenda eller utfylling av skjemaet, kan du kontakte Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.
*) «frå Sogn og Fjordane» = kjem frå og/eller bur i Sogn og Fjordane.