Ekstraordinær søknadsrunde
Grunna uvissa rundt korona-krisa og alle smittevernstiltak som myndigheitene har sett i verk, opplever vi at føresetnadane i mange av søknadane vi fekk i den ordinære søknadsrunde 1. mars er vesentleg endra. Difor utlyser vi ei ekstraordinær søknadsrunde i vår med søknadsfrist 15. mai.
2020 har blitt eit veldig spesielt år, og søknadane vi fekk inn til 1. mars ser ut som dei er “gått litt ut på dato” etter at korona-krisa traff oss og regjeringa sette inn ei rekkje ekstraordinære tiltak frå 12. mars. Mange arrangement er eller vil bli avlyste, og mange andre organisasjonar har nok heilt andre prioriteringar i dag enn i februar.
Sparebankstiftinga har eit sterkt ønskje om å stille opp for organisasjonslivet og samfunnsnyttige krefter i Sogn og Fjordane i denne vanskelege tida. Difor utlyser vi denne ekstra søknadsrunden i vår, slik at ein kan søkje om gåvemidlar for å møte dei utfordringane korona-tiltaka har skapt; eventuelt kva nye prioriteringar organisasjonane har i denne nye verkelegheita. Vi opnar òg opp for å bistå i høve til ekstraordinære kostnadar og likviditetsutfordringar korona-tiltaka har gitt for frivillige lag og organisasjonar. Stiftinga sine vilkår og prioriteringar for tildeling av gåvemidlar vil elles vere som før.
Vi viser også til statlege ekstraordinære ordningar t.d. utlyst av kulturdepartementet, og oppmodar alle om å nyttiggjere seg av desse. Som vanleg vil vi vurdere det som positivt dersom det går fram av søknad/budsjett at ein søkjer offentlege/øvrige midlar der det høver.
Ny søknadsfrist er 15. mai. Søknadsskjema for den ekstraordinære søknadsrunden vert opna i vår søknadsportal 15. april. Svar på søknadane vil bli sendt ut i slutten av juni. Dersom situasjonen talar for det, kan vi vurdere kortare svarfrist på oppmoding. Vi held også opent for å vurdere søknadar som kjem etter søknadsfristen dersom einskilde søkjarar treng meir tid for å vurdere konsekvensane av korona-tiltaka.
Elles vil vi handsame søknadane motteke innan fristen 1. mars på vanleg måte, slik at svar på desse vil bli sendt ut ca 1. mai som planlagt. Men vi ber om forståing for at vi vil halde att litt på gåvetildelingane i den søknadsrunden. Mellom anna er det mange arrangement som vi ordinært ville vurdert å gi ei gåve som vi no må føresette at vil bli avlyste. Men dersom ein likevel har planar om arrangement, eller har fått store kostnadar knytt til avlysing, ber vi om at ein registrerer ny søknad med oppdaterte opplysningar innan fristen 15. mai. Vi vil òg kontakte slike søkjarar på mail direkte og opplyse om høvet til å registrere ny søknad.
Ta kontakt med oss i administrasjonen dersom du har spørsmål, så vil vi gjere vårt beste for å bistå i ei vanskeleg tid. Kontaktinfo finn du her.
Elles oppmodar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane alle om å ta vare på kvarandre og følgje råd og pålegg frå styresmaktene!