Nyvalde medlemmer i Generalforsamlinga
Val av medlemmar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si generalforsamling vart gjort elektronisk per e-post blant Sparebanken Sogn og Fjordane sine innskotskundar med adresse i Sogn og Fjordane, i perioden 7-9 april. Det vart registrert 580 stemmar. Dette er ein nedgang i høve til dei 906 stemmene vi fekk inn i fjor Vi er likevel stolte av og takksame for at så mange av banken sine innskytarar engasjerer seg i valet, så takk til dykk som røysta.
Som annonsert i forkant av valet skulle det veljast tre faste representantar for fire år, og fire varamedlemer for eitt år. Her er dei som vart valt inn:
Faste representantar valt for 4 år:
Gro Rukan (Eikefjord)
Nils Magne Slinde (Leikanger)
Daniel Kvernøy (Eivindvik)
Vararepresentantar valt for 1 år:
John Gerick Bårøy (Hyllestad)
Rolf Olav Gjørven (Hjelledalen i Stryn)
Anne Skår (Sogndal)
Endre Rutledal (Måløy)
Sparebankstiftinga ønskjer å takke både valnemnda for godt og grundig arbeid, og samtlege kandidatar som stilte til val.
Samansettinga av Generalforsamlinga, slik den ser ut etter årets val, kan du elles sjå her.