No er stiftinga òg Miljøfyrtårn

Allereie då Sparebanken Sogn og Fjordane oppretta Sparebankstiftinga i 2010, hadde banken vore sertifisert som Miljøfyrtårn i fleire år; som ein av dei første bankane i landet. Miljøfokuset har difor stått sterkt i stiftinga i alle år. Samstundes har vi i Sparebankstiftinga eit sjølvstendig ansvar, og har difor kjent behov for å registrere oss som miljøfyrtårn på eigen kjøl. Utfordringa har vore at det ikkje har vore laga bransjekrav for sparebankstiftingar. Men så snart desse var på plass i august 2020, starta Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sertifiseringsarbeidet, og fekk si godkjenning rett før årsskiftet.

Tysdag 11. mai fekk dermed ordførar i Sunnfjord kommune Olve Grotle æra av å formelt overrekke provet på stiftinga si Miljøfyrtårn-sertifisering til vår direktør Hallvard Klakegg.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har framleis høg prioritet på å stimulere miljø- og berekraftsarbeid, og er i samband med slike prosjekt ofte i dialog med organisasjonar og bedrifter med Miljøfyrtårn-status. Difor er det òg viktig erfaring for stiftinga å ha både registreringsprosessen og rapporteringsrutinene mot Miljøfyrtårnstiftinga “under huda”.

For øvrig registrerer vi med glede at det for tida er ei flott auke i antal Miljøfyrtårn i Sogn og Fjordane, og oppmodar alle lag og bedrifter til å synleggjere og forsterke sitt miljøengasjement ved å registrere seg som Miljøfyrtårn. Korleis ein går fram kan du lese om her.