EIN HALV MILLION TIL FRIIDRETTEN I SOGN OG FJORDANE

– Dette set vi utruleg stor pris på. Denne gåva er til alle i Sogn og Fjordane som er glade i friidrett, seier Asgeir Årdal, dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane.

Det er framleis nokre få dagar att til julekvelden, men Asgeir Årdal gliser breitt allereie. For på kontoen til friidrettskrinsen vil det i løpet av kort tid komme inn ein solid sum. Då den daglege leiaren i friidrettskrinsen tok turen innom banken i Førde nyleg, drog nemleg Roy Stian Farsund fram ein sjekk frå juletreet. 500 000 kroner, sto det på den.

Denne gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Ja, dette var ein kjempeflott julepresang for oss. No gler vi oss veldig til 2022, og då skal desse pengane kome til stor nytte, seier Årdal.

Klubbane kan låne gratis

Pengane skal brukast til heilt nytt tidtakarutstyr, som klubbane i Sogn og Fjordane kan låne gratis. For ved arrangement er det ein del krav som følgjer med, og tidtakarutstyr er kostbart.

– I staden for at klubbane skal bruke mykje pengar på å kjøpe eit eige, kan dei heller låne gratis av krinsen. Dette vil skape meir aktivitet, og dermed meir inntekt for laga. Vi har 64 medlemslag i friidrettskrinsen, og alle vil ha tilgang på det samme utstyret, både det vi har frå før og det nye som kjem, forklarer Årdal.

Han seier vidare at det også er kome nye krav når det gjeld løypemåling. Det betyr at alle mosjons- og landevegsløp rundt om i Sogn og Fjordane må kontrollmåle løypa si på nytt.

– Dette har ein kostnad på rundt 100 000 kroner for kvar klubb, men som dei no heller kan bruke på å skape aktivitet i staden.

– Nødvendig med investeringar for å skape aktivitet

Julenisse for anledninga og direktør på bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane, Roy Stian Farsund, seier at banken heiar veldig på dei som skapar aktivitet og møteplassar rundt om kring i Sogn og Fjordane.

– Vi har mange flotte organisasjonar og viktige eldsjeler, som gjennom heile året bidreg til dette. Friidrettskrinsen er utvilsamt ein av desse viktige organisasjonane, og vi lar oss imponere av den store aktiviteten som dei er med og legg til rette for, seier Farsund.

– Friidrettskrinsen legg til rette for god breidde, men sikrar også at unge og lovande utøvarar får ein arena dei kan trene og utvikle seg innanfor si friidrettsgrein. Og for å skape eit attraktivt tilbod og ein god møteplass, er det viktig at ein har det utstyret som er nødvendig, og det er då behov for å gjere investeringar. Vi har vore med og støtta tidlegare, og når ein ser nytten det har hatt, så er det kjekt å vere med å bidra igjen, held han fram.

Dette set dagleg leiar Årdal stor pris på.

– Friidretten skal vere for alle, både for mosjonistar og unge utøvarar som vil opp og fram. Då er det veldig kjekt at vi har ein lokalbank som ser verdien dette har og er med og støttar oss, seier han.