200 000 kroner til Bergens nye og flytande attraksjon
Ei flytande badstu der det kan arrangerast alt frå livredningskurs til konsertar – og der ein berre kan stikke innom for å kose seg – det blir ein realitet i Bergen til sommaren.
Prosjektet Laugaren i Bergen er tildelt ei gåve på 200 000 kroner. Denne gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Gåva vart delt ut av Torunn Steimler, som er banksjef ved Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Bergen.
– Dette betyr veldig mykje for oss. No er vi omtrent i mål med finansieringa. Gåva betyr at vi no kan konsentrere oss om å bygge den ferdig, så dette er heilt alfa og omega for oss, seier Bjørnar Skaar Haveland i Bergen Laugarlag.
Frå livredningskurs til konsertar
Men Laugaren, kva er det eigentleg for noko? Jo, det er rett og slett ein flytande badstu og kulturarena. Her kan kven som helst stikke innom, men der vil også bli symjeopplæring, livredningskurs og småkonsertar – for å nemne noko. Sjølve plattformen er 72 kvadratmeter og vil innehalde badstu, oppholdsrom, skifterom og badebrygge. Laugaren skal ha si heimehamn ved USF Verftet i Bergen, og her kan du lese meir om den.
Ideen kom for om lag tre år sidan då Haveland og dei andre i hans faste badegjeng møttest som vanleg ein morgon. Kvar onsdag startar dei nemleg dagen med eit morgonbad ved Verftet.
– «Hadde det ikkje vore digg med ein badstu?», spurte eg dei andre. Og då sa Kine: «Det har eg alltid sagt, men ingen vil bygge det med meg». Då begynte ballen å rulle, seier Haveland.
Det starta som ein liten greie, men etter å ha arrangert nokre workshopar med ulike personar og fekk sjekka interessen, så vart det heile større ein dei hadde tenkt. Prosjektet har eit budsjett på 2,5 millionar kroner.
– Vi starta prosjektet utan pengar, men vi begynte på det medan vi leita etter midlar. Vi fekk litt i starten, men ikkje i nærleiken av nok. Men det er jo slik at det ofte kjem gode ting ut av å gjere ting, og det viste seg å vere sant, seier Haveland, som til dagleg er arkitekt og har god erfaring med byutvikling. Det kom sjølvsagt godt med i dette prosjektet.
Opnar til sommaren
Etterkvart kom mange på dugnad og midlane kom også sakte men sikkert. No er Bergen Laugarlag etablert med 120 medlemmar, og til sommaren opnar Laugaren. Den vil bli drifta i kombinasjon av drop-in og utleige til grupper.
– Målet vårt er å halde prisen så låg som mogleg, og vi kjem til å ha ein drop-in-modell slik at folk enkelt kan komme innom. Den er også designa slik at den kan flyttast rundt og ha kulturelle prosjekt i ulike byrom, seier Haveland.
Torunn Steimler, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef i Bergen, seier at det fleire ting som gjer at dette er eit prosjekt som dei gjerne ville vere med å støtte.
– Dei starta med null i kapital og alt er gjort på dugnad, og det er fantastisk i seg sjølv. Men det at dei også tek det eit steg vidare med samfunnsansvaret dei tar når dei vil tilby symjeopplæring og livredningskurs, i tillegg til kulturarrangement, er kjempeflott!
– Dette vil bli ein attraksjon i Bergen, og det er veldig kjekt for oss å vere med og støtte prosjektet, seier Steimler.
KVAR ONSDAG: Morgonbad med påfølgande kaféfrukost er fast onsdagstradisjon for denne badegjengen i Bergen. Banken sine utsendte sto over førstenemnde, men var gladeleg med på kafé.