Søknadskurs i august
Vi køyrer i gong ein ny runde med våre populære gratis søknadskurs i forkant av haustens søknadsfrist 1. september.
Kurset er utvikla for lag og foreningar som skal søkje midlar til si verksemd, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut; anten ein har tenkt å søkje gåvemidlar frå oss i Sparebankstiftinga eller andre stader. Tidlegare kursdeltakarar har svart i vår spørreundersøking at over 50% har fått meir midlar til laget i etterkant av søknadskurset. Kursa varer i to timar.
I tillegg vil det bli høve til å møte stiftinga sin administrasjon på dagtid på kurs-dagen/-staden, om du ønskjer råd og innspel til eit tiltak; anten du har ein idé eller eit behov du vil drøfte, eller ein kladd til konkret søknad som du vil ha tilbakemelding på. Sjå nedanfor korleis du avtaler eit møte
Kursplan:
Måløy – UTSETT pga. folkemøte i Kinn kommune samstundes. Ny kursdato vil bli annonsert seinare i haust.
Onsdag 17. august: Sogndal – Kulturhuset (Blaoboxen)
Torsdag 18. august: Førde – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler
Måndag 22. august: Florø – Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokaler
Torsdag 25. august: Nordfjordeid – Nordfjord hotell
Alle kursa er kl. 18.00-20.00. Enkel servering.
Påmelding på epost til post@sparebankstiftinga.no. (hugs å oppgi kva kurs/dato du ønskjer å delta på.) Kursa har ikkje påmeldingsfrist, men “førstemann til mølla” gjeld ved fullt kurs.
Ønskjer du eit møte med stiftinga? Send førespurnad om møtedato og tidspunkt til post@sparebankstiftinga.no, så svarar vi fortløpande. “Førstemann til mølla” gjeld her òg.
Håpar vi sjåast – og vel møtt!