1 million kroner skal hindre utanforskap og fråfall

Stiftinga har i første omgang tildelt 1 million kroner av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til fondet, og signaliserer at dei vil supplere fondet dersom det blir behov for det.

– Dessverre er det slik at frivillig sektor opplever fråfall blant barn og unge på grunn av vanskeleg familieøkonomi. Det fører til auka utanforskap, noko som er svært uheldig.  Slik ønskjer vi ikkje å ha det, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Skal skape større deltaking

Inkluderingsfondet er midlar som idrettslag og andre ideelle foreiningar kan bruke til å hjelpe medlemar som har behov for å bli inkludert eller er frå familiar med vanskelegstilt økonomi. Familieøkonomien bør ikkje vere ei barriere for at barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar på linje med andre. Organisasjonar kan søkje om å få  midlar til å dekke til dømes medlemsavgift, treningsavgift, deltakravgift og nødvendig personleg utstyr til medlemar som er i målgruppa.

– Utanforskap er noko vi i Sparebankstiftinga har jobba med over lengre tid og vi har ofte gitt støtte til tiltak som skal skape inkludering og hindre utanforskap.  Til dømes fekk Askvoll og Holmedal IL gåvemidlar til eit lokalt inkluderingsfond i fjor haust, seier Klakegg og held fram:

–  Vi har henta inspirasjon frå dei, og no ønskjer vi å gå meir systematisk til verks for å prioritere dette endå høgare i heile Sogn og Fjordane. Dessverre har behovet auka for ei slik ordning den siste tida på grunn av høg prisvekst og renteoppgang.

Askvoll og Holmedal IL har gjennom dei siste to åra hausta erfaringar med eit slikt fond lokalt. Inkluderingsfondet deira har dekka til dømes reisekostnader, personleg treningsutstyr og treningsavgift for barn i målgruppa. Askvoll og Holmedal IL ved Håvard Yndestad og Anita Lie Follevåg i styret for inkluderingsfondet er både stolte og glade for at det no blir tatt initiativ til eit slikt tilbod i heile Sogn og Fjordane.

Lansering med idrettskrinsen – men for alle lag og organisasjonar

Sparebankstiftinga har valt å lansere ordninga saman med idrettskrinsen, fordi idretten har høg deltaking og er ein fritidsaktivitet som krev ulike eigenandelar. Men også fordi idretten har erfaringar med å handtere problemstillinga. Stiftinga presiserer at alle frivillige organisasjonar i Sogn og Fjordane som driv med barne- og ungdomsarbeid kan å søkje om midlar frå fondet.

Med omsyn til personvern og risikoen for stigmatisering er det viktig at det blir innarbeidd gode retningslinjer og praksis for korleis ein handterer ei slik ordning. Idrettskrinsen vil ta ei aktiv rolle når det gjeld å  gje god informasjon i idrettslaga. Det er ofte trenarar, instruktørar og hjelpeapparat som er best til å vurdere behovet og tettast på til informere foreldre i målgruppa om korleis ein kan få hjelp til å dekke kostnader til aktiviteten barna er med på. Ordninga vil i hovudsak vere tillitsbasert. Det vil mellom anna bli brukt tilgjengeleg statistikk for å vurdere behovet når søknader frå lag og foreiningar skal handsamast.

– Vi er svært takknemleg for at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane engasjerer seg i dette og tilbyr eit slikt fond. Det vil bety mykje for idretten og frivillig sektor, men aller mest for familiar med barn og unge som har behov for å nytte seg av ei slik ordning, seier Bodil Ryste, rådgjevar Idrettsfag i Vestland idrettskrets.

Frivillige lag og organisasjonar innan barne- og ungdomsarbeid kan søkje om støtte frå inkluderingsfondet. Første søknadsfrist blir 20 april i år. Søknadsskjema blir lagt ut på Sparebankstiftinga si heimeside  i byrjinga av mars.

Sparebankstiftinga ser for seg å dele ut minst like mykje gåvemidlar til allmennyttige formål i 2023  som i fjor. I 2022  delte stiftinga ut over 40 millionar av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til slike formål.