Val til stiftinga si Generalforsamling
Val til Sparebankstiftinga si generalforsamling
Er du kunde med innskot på over 500 kr i Sparebanken Sogn og Fjordane? Då kan du velgje kandidatar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si generalforsamling, som mellom anna velgjer styret og godkjenner stiftinga sitt rekneskap. Generalforsamlinga set òg rammer for gåvetildelingane.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og har som sine føremål å vere ein langsiktig eigar av banken og dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Stiftinga si generalforsamling vert valt av kundar med adresse i Sogn og Fjordane og Hornindal. Valet skjer elektronisk, og alle med røysterett vil få røystesetel på e-post 8. mars, med to dagars svarfrist.
Dei tre kandidatane med flest stemmer i valet vil få fast plass, og den 4, får ein varaplass.
Valet går av stabelen 8.-10. mars. For å stemme i valet må du vere myndig og ha hatt eit innskot i Sparebanken Sogn og Fjordane på minst 500 kroner i dei siste 6 månadane før valet. I tillegg må du altså ha bustadadresse i Sogn og Fjordane.
Valnemnda sitt framlegg
Valnemnda er no ferdig med sitt arbeid, og har lagt fram følgjande framlegg til kandidatar:
Innstilt som fast medlem;
1) Kristin Svardal
Bustad; Florø
Alder; 42 år
Stiling i dag: CEO Hub for Ocean/Ocean HYway Cluster
Utdanning : Master of Management i Endringsleiing BI og Bacherlor i økonomi og administrasjon BI
Organisasjonserfaring: Sivilforsvaret, Sekreteransvarleg Våt Moro, Dugnadsansvarleg J 13 Florø Sportsklubb.
2) Linda Hovland
Bustad: Dale i Fjaler
Alder; 55 år
Stilling i dag: Dagleg leiar Framtidsfylket AS
Utdanning: Marknadsføringsleiing BI
Organisasjonserfaring: Leiar Dale IL, varamedlem til styret i NHO Vestland.
3) Thomas Norheim Moen
Bustadadresse; Årdalstangen
Alder; 33 år
Stilling i dag; Dagleg leiar, Årdalsnett AS
Utdanning: Fagbrev IKT, 60 studiepoeng i arbeidsledelse.
Organisasjonserfaring; Trenar idrettslag, styreleiar Hugin Musikkforum, festivalsjef Målrock, kommunestyremedlem
Innstilt som varamedlem;
4) Thea Flo
Bustad; Hjelledalen
Alder; 24 år
Stilling i dag; Marknadskoordinator, Selstad AS
Utdanning; Bachelorgrad Markedsføring og merkevareledelse, Høyskolen Kristiania
Organisasjonserfaring; Unge Høgre Stryn, studentunionen Høyskolen Kristiania
Øvrige valbare kandidatar
5) Stian Hofsludsengen
Bustad: Sogndal
Alder; 32 år
Stilling i dag; Rådgjevar i Sogn Næring.
Utdanning: Fagbrev Dataelektronikarfaget
Organisasjonserfaring: Tidlegare Styremedlem Sogndal Røde kors, tidlegare Styreleiar Sogndal Fjellsport og tidlegare styremedlem Sogndal fjell og fjordsportsenter.
6) Vidar Hauståker
Bustadadresse; Flåm
Alder; 39 år
Stilling i dag: Driftdirektør Norway’s Best
Utdanning: Siviløkonom/revisor
Organisasjonserfaring: Kaupanger musikklag
7) Elias Slåtten
Bustad; Vassenden i Sunnfjord
Alder; 21 år
Stilling i dag; Student
Utdanning: Student ved Norges Handelshøyskole
Organisasjonserfaring: Unge Venstre Sunnfjord, 4H, trener barneidrett, fotball og friidrett.
8) Gro Gjerdevik
Bustad: Nordfjordeid
Alder; 47 år
Stilling i dag; Senter leiar Alti Nordfjord
Utdanning: Norsk Hotell høgskule
Organisasjonserfaring: Klubbrådgjevar i Ørn 4H i 10 år, tidlegare hjelpetrenar i Eid symjeklubb, styremedlem i Stad Vekst, og Eid Handel AS.
Her kan du lese meir om Generalforsamlinga sine oppgåver.
Godt val!