Tilbyr utviklingsprogram for unge eldsjeler
ViteMeir og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane lanserer eit utviklingsprogram for unge eldsjeler. Målet er å gje desse eldsjelene inspirasjon og kunnskap om den viktige rolla som frivillig sektor spelar rundt om i lokalsamfunna i Sogn og Fjordane.
Sparebankstiftinga, som kvart år deler ut titals millionar til lag og organisasjonar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, er initiativtakar og står for finansiering av programmet. Stiftinga er tydeleg på kvifor dei vil gjere dette.
– Frivillig sektor er juvelen i lokalsamfunna våre. Ingen er betre til å skape aktivitet, samhald, integrering, trivsel og bulyst enn summen av frivillige lag og organisasjonar. Denne juvelen må takst vare på og det er eit konstant behov for å rekruttere og motivere nye eldsjeler til innsats i frivillig sektor. Vi håpar difor at eit slikt program kan bidra til det, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Mykje på programmet
Det er lagt opp til tre samlingar gjennom året. Første samling blir på ViteMeir på Kaupanger 7.-8. oktober. ViteMeir, som er arrangør for programmet, kan lokke med dyktige bidragsytarar og spennande aktivitetar.
– Rasmus Mo skal fasilitere samlinga, det skal vere teambulding, føredrag med Olav Tufte og rib-tur. I tillegg blir det førelesing og gruppearbeid innan organisasjonsarbeid, seier Heidi Breili Bøthun, som er leiar for sal og marknad på ViteMeir.
Ho legg til at det vil vere plass til om lag 30 deltakarar i det første kullet, og at målet er å gjere dette til eit årleg program slik at ein får kontinuitet og ei ny gruppe kvart år.
– Me opplever at lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane har veldig mange unge og dyktige medlemar som alt er blitt viktige eldsjeler i sin organisasjon. Målet vårt med denne satsinga er at desse ungdomane skal få ein møteplass for å bygge nettverk, del erfaringar, få inspirasjon og bygge kompetanse. Me vil at dei skal bli sett pris på, og dei skal utfordrast på å ta ansvar i eigen organisasjon. Det er denne generasjonen som etter kvart blir bærebjelken i frivillig sektor i Sogn og Fjordane, seier Klakegg.
– Stor fordel på eigen CV
Det er laga ei eiga heimeside til programmet; www.ungeeldsjeler.no og påmeldingsfristen er i første omgang sett til 31. august. Målgruppa er unge i alderen 18-30 år.
– Me håpar mange viser interesse for å delta, for me er sikre på at dette blir ei spanande og kjekk oppleving der ein skapar nettverk, får inspirasjon og godt fagleg påfyll. Det å kunne vise til tillitsverv i frivillig sektor er også ein stor fordel på eigen CV, avsluttar Heidi Breili Bøthun.
NYTT SAMARBEID. ViteMeir og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har utvikla eit utviklingsprogram for unge eldsjeler. Heidi Breili Bøthun i Vite Meir og Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga gler seg til å starte opp og håpar på mange deltakarar.