Forskarane Kristin Løseth og Daniel Furberg i samtale med Yngve Thorsen og Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Karrierestigen er kortare her

Vestlandsforsking konkluderer med at det er mogleg å få ei raskare karriereutvikling i distrikta enn kva som er tilfelle i større byar. –Funna våre støttar denne påstanden, seier Kristin Løseth og Daniel Furberg i Vestlandsforsking då dei la fram sin rapport på rekrutteringskonferansen «Folka» på Skei 25. oktober.

Det er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som har bestilt forskingsoppdraget, og direktør Hallvard Klakegg var svært nøgd med resultatet som vart framlagt.

–Vi har mange gonger høyrt myten om at det er lettare å klatre på karrierestigen i distrikta enn i byane. Vi ville gjerne få dokumentert dette så godt som mogleg, og er svært glade for at Vestlandsforsking finn støtte for myten i si undersøking. Dette er eit fortrinn som bedriftene i Sogn og Fjordane absolutt bør nytte seg av, seier Klakegg etter at dei to forskarane hadde ein gjennomgang av dei viktigaste trekka i forskingsrapporten føre 160 deltakarar på rekrutteringskonferansen «Folka».

Heile rapporten kan du finne her

Funna støttar myten

Som bakteppe for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt ønske om å få undersøkt dette nærare, ligg det faktum at det er ei veksande utfordring å få tak i, og å halde på, nok og rett kompetanse i Distrikts-Norge. På same tid har ein fleire døme der det vert hevda at karriereutviklinga kan gå raskare ute i distrikta. Noko som blir forklart med breiare arbeidsoppgåver, meir ansvar og tettare band til leiinga i bedriftene på mindre plassar.

Dette finn forskarane støtte for i undersøkinga.

–47 prosent av respondentane opplever at lokalisering i Sogn og Fjordane påverkar tempoet i karriereutviklinga «noko positivt» eller «positivt». Materialet underbyggjer altså myten om raskare karriere i Sogn og Fjordane, seier Løseth.

Rapporten viser dessutan at eit fleirtal av respondentane opplever større nærleik til leiinga i organisasjonen, og kjensla av meir ansvar og større breidde i arbeidsoppgåvene enn dei ville fått i storbyane.

–Her er det viktig å påpeike at heile 85 prosent av dei som valde å svare på undersøkinga har tre år utdanning eller meir, og at dei i hovudsak arbeider i dei største organisasjonane i regionen. Funna våre kan ikkje generaliserast til å gjelde alle tilsette ute i distrikta.

Ikkje berre positivt

­–Vi fekk også tilbakemeldingar på at små miljø kan føre til uheldige prosessar, der kjennskap og venskap får stor innverknad på tilsettingsprosessar og lønsforhandlingar, seier forskarane.

Dette kan kome av at færre individ tek avgjerder knytt til tilsettingar ute i distrikta. Kort veg til leiinga er altså ikkje alltid er å sjå på som positivt.

–Det kan vere kort veg for nokon, og ikkje for alle. Det å komme i ein utfordrande relasjon til leiinga kan vere krevjande i små miljø, der leiarane ofte sit lenge i jobben. Når det dessutan er få alternative stillingar i nærleiken, så kan det gjere situasjonen vanskelegare, fastheldt Daniel Furberg.  Forskarane viste til at åremålsstillingar og kortare tilsettingsperiodar kan vere tiltak for å førebygge dette.

Eit sætrekk som blir nemnt ved å jobbe i distrikta, er at arbeidstakarane opplever å vere meir synlege fordi dei bur og jobbar i små lokalsamfunn. Dette kjem i tillegg til dei andre positive særtrekka ved distriksarbeidslivet, som er færre kandidatar på utlyste stillingar, meir ansvar og nærleik til dei tek viktige avgjerder, konkluderte forskarane på rekrutteringskonferansen «Folka».

 

På bildet er forskarane Kristin Løseth og Daniel Furberg i samtale med Yngve Thorsen og Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.