Val til stiftinga si Generalforsamling

Er du kunde med innskot på over 500 kr i Sparebanken Sogn og Fjordane? Då kan du velgje kandidatar til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane si generalforsamling, som mellom anna velgjer styret og godkjenner stiftinga sitt rekneskap. Generalforsamlinga set òg rammer for gåvetildelingane.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er hovudeigar av Sparebanken Sogn og Fjordane, og har som sine føremål å vere ein langsiktig eigar av banken og dele ut gåvemidlar til samfunnsnyttige tiltak. Stiftinga si generalforsamling vert valt av kundar med adresse i Sogn og Fjordane og Hornindal. Valet skjer elektronisk, og alle med røysterett vil få røystesetel på e-post 5. mars, med to dagars svarfrist.

Dei tre kandidatane med flest stemmer i valet vil få fast plass, og den 4, får ein varaplass.

Valet går av stabelen 5.-7. mars. For å stemme i valet må du vere myndig og ha hatt eit innskot i Sparebanken Sogn og Fjordane på minst 500 kroner i dei siste 6 månadane før valet. I tillegg må du altså ha bustadadresse i Sogn og Fjordane.

Valnemnda sitt framlegg

Valnemnda er no ferdig med sitt arbeid, og har lagt fram følgjande framlegg til kandidatar:

Kandidatar til Generalforsamlinga 

Innstilt som fast medlem;

1) Åge Avedal

Bustad: 6811 Førde, Sunnfjord kommune

Fødselsår: 1979

Stiling i dag: Seniorrådgjevar kulturutvikling i Vestland fylkeskommune. Tidlegare yrkeserfaring: Dagleg leiar i 4H Sogn og Fjordane og lærar .

Utdanning: Historie, medievitskap, samanliknande politikk og praktisk pedagogikk (PPU) frå Universitetet i Bergen. Mastergrad i organisasjon og leiing.

Organisasjonserfaring:  Mangeårig tillitsvald på lokalt, fylkes- og sentralt nivå i Noregs ungdomslag. Tidlegare verv i Førderevyen. Tidlegare styremedlem lokalt og på fylkesnivå i Venstre, og leiar i Sunnfjord Venstre. Folkevald i kommunestyret i Sunnfjord kommune 2023-2027.

 

2) Siv Merete Stadheim

Bustad: 6906 Florø, Kinn kommune:

Fødselsår: 1972

Stilling i dag:  Lufthamnsjef, Avinor Florø Lufthamn. Tidlegare yrkeserfaring: Tollvesenet og politiet.

Utdanning: Økonomi, administrasjon og leiing

Organisasjonserfaring: Styreleiar i DNT Sogn og Fjordane. Tidlegare i Flora Turlag, Røde Kors, samt i ulike industri- og næringsforeningar.

 

3) Roger Aa Djupvik

Bustadadresse: 6823 Sandane, Gloppen kommune

Alder: 1981

Stilling i dag: Dagleg leiar Fjordium. Tidlegare yrkeserfaring: Dagleg leiar Nordfjordrådet, Dagleg leiar Gloppen Næringsorganisasjon.

Utdanning: Bachelorgrad innan helse og idrettsvitenskap. Bachelorgrad i Samfunnfag.

Organisasjonserfaring: Styremedlem Trivselsskogen SA, Trenar i Fjellhug/Vereide og Sandane Turn og Idrettslag.

 

 Innstilt som varamedlem;

4) Malene Lunde Sætren

Bustadadresse: 6711 Bryggja, Stad kommune

Fødselsår: 1989

Stilling i dag:  Sercvie representativ i Coast Seafod.  Tidlegare yrkeserfaring: Dagleg leiar Nore Fjordsenter

Utdanning: Bachelorgrad i HR og personalleiing. Reiselivskoordinator ved Fagskulen. Årstudium i logistikk.

Organisasjonserfaring: Styreleiar Bryggja Grendahus, Tidlegare medlem i oppvekst og kulturutval i Vågsøy kommune.

 

Øvrige valbare kandidatar;

5) Gro Janne Henden Gjerdevik

Bustad: 6764 Nordfjordeid, Stad kommune

Fødselsår: 1975

Stilling i dag: Stilling i dag; Senterleiar Alti Nordfjord. Tidlegare yrkespraksis: kafeeigar, Kafeen te Gro, assisterande butikksjef Kappahl, restaurantsjef, Quality Hotel Tønsberg

Utdanning: Norsk hotellhøgskule, Stavanger

Organisasjonserfaring: Klubbrådgjevar i Ørn 4H, hjelpeinstruktør i Eid symjeklubb, styremedlem i Stad vekst AS og Eid handel AS,

 

6) Vidar Hauståker

Bustad: 5745 Aurland, Aurland kommune

Fødselsår: 1983

Stilling i dag: Økonomisjef Flåm Utvikling. Tidlegare yrkespraksis: Driftdirektør Norway’s Best.

Utdanning: Siviløkonom og revisor

Organisasjonserfaring: Kaupanger musikklag

 

7) Kristin Rivedal Yndestad

Bustad: 6982 Holmedal,  Askvoll kommune

Fødselsår; 1987

Stilling i dag: Folkehelsekoordinator Fjaler kommune. Tidlegare yrkespraksis: Barnehage og apotek.

Utdanning: Bachelor i folkehelsearbeid og master i samfunnsarbeid.

Organisasjonserfaring: styremedlem i Holmedal Ungdomslag, medlem Barnas Turlag Askvoll, kommunestyre- og formannskapsmedlem SP Askvoll 2019-2023

 

8) Benedicte Moritsgård Refvik

Bustad: 6823 Sandane, Gloppen kommune

Fødselsår: 1989

Stilling i dag: Økonomisjef i Gloppen kommune. Tidlegare yrkespraksis: EY (Ernst & Young): Konsulent og seniorkonsulent. Brødrene Aa: ulike leiarstillingar.

Utdanning: Master i Økonomi og administrasjon (Økonomisk styring) frå NHH, Master i Management Science, etterutdanning innan prosjektleiing.

Organisasjonserfaring: Styreleiar i Sandane utviklingslag og Høgenausen vel. Deltaking i forskjellege frivillige organisasjonar.

 

Her kan du lese meir om Generalforsamlinga sine oppgåver.

Godt val!