Her får dronninga sjå dei nye måleria

Dronning Sonja stod for den offisielle reopninga av Astruptunet laurdag, og la ikkje skjul på sin kjærleik til Nikolai Astrup.

-Eg har vore her fleire gonger, og i dag var det eit skinande comeback av hans kunstnarheim, sa dronninga.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kjøpte for to veker sidan to originale Astrup-måleri, og måndag sist veke kunne direktør Hallvard Klakegg stolt frakte måleria «Trollebotten» og «St.Hansbål ved Jølstervannet» inn i galleriet på Sandalsstrand. Og akkurat desse to måleria var noko av det Dronning Sonja såg mest fram til å sjå plassert «der dei høyrer heime».

-Eg gleder meg spesielt til å sjå dei to nye måleria, fastheldt Dronning Sonja då ho passerte pressekorpset på veg inn i galleriet under laurdagens reopningsfest av Astruptunet.

Dei to nye

Saman med avdelingsdirektøren for kunst ved musea i Sogn og Fjordane, Tor Martin Leknes, og Anders Bjørnsen ved Sparebankstiftelsen DNB, avslutta dronninga turen blant Astrup sine måleri ned i den noko tronge galleri-kjellaren med å stoppe lenge ved akkurat desse to «nye» måleria.

-Det er fantastisk at desse måleria har komme heim. St.Hans-bålet finst jo i mange forskjellige variantar, medan Trollebotten er veldig annleis, sa Dronning Sonja medan Tor Martin Leknes orienterte om historia til akkurat dette bildet. Leknes viste også til det typiske ved at Astrup hadde måla både kvinneskikkelsar og troll inn i fjellformasjonane. Her vart dronninga og følgje ståande i fleire minutt for å samtale om måleriet.

Fekk sjå dei to måleria

Som einaste fotograf i gallerikjellaren fekk Sparebankstiftinga sin skribent oppleve Dronning Sonja sin umiddelbare glede over å sjå desse måleria, og som ho også understreka under opningstalen sin:

I samband med ei utstilling om hagar som vart vist på Royal Academy of Art, som vart avvikla samstundes som Astruputstillinga på Dulwich, hadde dronninga møtt på den britiske kunsthistorikaren Mary-Anne Stevens, som då var sjefskurator på Royal Academy og kurator for Astruputstillinga på Dulwich.

-Eg gløymer aldri kuratoren sine ord då eg ville samanlikne Astrup sine måleri saman med andre verdskjende målarar:

«I by fare prefer Nikolai Astrup´s garden in Jølster», fortalde dronninga.

Kuratoren var på tunet

Og akkurat Astrup-kjennar Mary-Anne Stevens var på plass under reopninga av Astruptunet laurdag ettermiddag, og kunne saman med direktør Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ta dei to «nye» måleria nærare i augesyn etter at Dronning Sonja hadde reist frå Sandalsstrand.

Den britiske kuratoren og Astrup-kjennaren var begeistra over måleria, og trekte spesielt fram «Trollebotten». Dette måleriet meinte Stevens bør vere med på framtidige utstillingar.

-Måleriet treff spesielt godt barn, då dei elskar troll, sa den kjende kuratoren i samtale med Hallvard Klakegg.

For ein dag!

Og som direktør Hallvard Klakegg formulerte seg etter reopnings-suksessen:

-For ein Jølster-dag, og for ein dag for Sogn og Fjordane! Dette er kort og godt fantastisk, og vi er både stolte og audmjuke over at vi har fått kjøpe to Astrup-måleri tilbake til heimplassen hans. Her vil ålmenta kunne rusle rundt og sjå den fantastisk flott oppussa kunstnarheimen, hagen hans og ikkje minst mange av hans kunstverk. Vi trur Nikolai Astrup blir meir og meir kjent rundt om i heile verda i framtida, og ser verkeleg fram til å følgje prosessen med bygging av eit nytt visningssenter 200 meter vest for dagens Astruptun, seier direktøren for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane etter reopninga av Astruptunet og legg til:

-Dette er jo som å vere i eit Astrup-måleri, seier han og ser at Dronning Sonja med reisefølgje set seg inn i ein minibuss og reiser vidare til Sogn.

Det er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som har kjøpt dei to måleria. Stiftinga er Sparebanken Sogn og Fjordane sin største eigar, og forvaltar overskotet til banken.

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide