Her kjem to Astrup-måleri heim

Når Dronning Sonja førstkomande laurdag kjem til Astruptunet vil ho for første gong kunne sjå Astrup-bilda «Trollebotten» og «St.Hansbål ved Jølstervannet».

– Det er første gong desse bilda er utstilt her, seier Solveig Berg Lofnes.
Det var omtrent både julekveld og 17. mai då dei to orginale Astrup-bilda kom til Astruptunet måndag kveld. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sin direktør, Hallvard Klakegg, kunne saman med Solveig Berg Lofnes og Tor Martin Leknes sjå at spesialtransporten hadde kome fram til sørsida av Jølstravatnet, og stolt ta imot desse to måleria av transportøren Frank Bremseth.

– Eg har køyrt eins ærend frå Oslo i dag, og har hatt konstant 18 grader i lasterommet under turen. Vi driv med transport av kunst, og har etter kvart god erfaring med dette, kunne Bremseth fortelje medan han forsiktig bar dei to kostbare måleria inn i galleriet på Astruptunet.

Kjøpt på auksjon
Det er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som har kjøpt dei to måleria. Dei er Sparebanken Sogn og Fjordane sin største eigar, og forvaltar overskotet til banken. Direktør i stiftinga, Hallvard Klakegg, kan fortelje at det var utruleg spennande då han fekk tilslaget på dei to Astrup-måleria under auksjonen hos Grev Wedel Auksjoner i Oslo for 14 dagar sidan.

– På mange måtar var det litt tilfeldig at vi vart orienterte om at det var to Astrup-måleri til sals. Eg har hatt tett kontakt med Anders Bjørnsen i Sparebankstiftelsen DNB, som har god erfaring med slike kjøp. For vår del handlar det om å kjøpe desse to Astrup-bilda for at dei skal komme heim igjen, seier Klakegg medan dei to måleria blir borne på plass i kjellar-etasjen på galleriet.

– Vi har vore engasjert i fleire Astrup-prosjekt tidlegare, som til dømes Astrup-filmen og det å få ei Astrup-utstilling på plass ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i fjor sommar. For vår del er vi opptekne av at vi på denne måten skal få høve til å vise fram desse to fantastiske måleria til ålmenta her i Astrup-tunet, seier Klakegg.

Ikkje her tidlegare
– Eg har drøymt om å få på plass desse to måleria og har tenkt ut plass til dei. Desse to måleria er med på å komplettere samlinga vi har, og spesielt er «Trollebotten» spennande då det viser at Nikolai Astrup også hadde fleire fjellmåleri, seier Solveig Berg Lofnes medan bobleplasten forsiktig blir fjerna frå måleria.

– Slik vi har forstått ut frå den informasjonen vi har om desse to bilda, så har dei ikkje vore her i Astruptunet tidlegare. Dei har vore i privat eige, og er ifølge katalogiseringa datert til å vere måla i 1908 (Trollebotten) og 1921 (St.Hansbål ved Jølstervannet), fortel ho.

Høyrer heime her

Ved auksjonen måtte Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ut med 1,6 millionar samla for dei to måleria. St.Hans-bål ved Jølstervannet gjekk for 950 000 kroner, medan Trollebotten kosta 650 000 kroner.

– For oss i stiftinga så ser vi på dette som ein investering som er i tråd med vårt formål. Vi både håpar og trur at all merksemda rundt Nikolai Astrup vil auke på i åra som kjem, og kanskje vi om ikkje lenge også kan få eit visningssenter i nærleiken av tunet. For oss er det viktig at det er lokalt eigarskap til Nikolai Astrup sin kunst, og at vi på denne måten får nokre av hans måleri heim igjen. Det er jo her dei høyrer heime. Så vi er utruleg glade for at dei kan vere utstilte saman med andre måleri her i Astruptunet, seier Hallvard Klakegg og vert støtta Tor Martin Leknes, avdelingsdirektør for kunst ved musea i Sogn og Fjordane.

– Det er stort at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har gjort dette heimkjøpet av Nikolai Astrup. Her vil desse to fantastiske måleria få den merksemd dei har krav på. Og vi ser verkeleg fram til å vise dei fram allereie kommande laurdag når Dronning Sonja skal vitje Astruptunet. Og vidare kan folk gjennom sommaren komme hit for å ta desse flotte måleria nærare i augesyn. For dette er to måleri som mest sannsynleg ikkje har vore i Astruptunet tidlegare. Klart dette er ein stor dag for oss, seier Solveig Berg Lofnes som er museumsleiar ved Astruptunet.

Tekst og foto: Stig Roger Eide