Brenn du for Sogn og Fjordane?
Er du ein engasjert relasjonsbyggar som brenn for Sogn og Fjordane? Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har ambisjonar om å ta ei aktiv rolle for å gjere Sogn og Fjordane til ein betre stad å bu og leve. For å vidareutvikle dette viktige samfunnsoppdraget søkjer vi deg som har eit brennande engasjement for Sogn og Fjordane, til å fylle rolla som leiar prosjekt.
Søknadsfrist 31. januar
Sogn og Fjordane har ein levande og engasjert frivillig sektor som spelar ei heilt sentral rolle i å fremme inkludering, kultur, idrett, utdanning og sosialt fellesskap. Regionen har også eit rikt og variert næringsliv, gode utdanningstilbod og eit mangfaldig kulturliv. I sum skapar dette gode og trygge lokalsamfunn.
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har ambisjonar om å ta ei aktiv rolle for å gjere Sogn og Fjordane til ein betre stad å bu og leve. For å vidareutvikle dette viktige samfunnsoppdraget søkjer vi deg som har eit brennande engasjement for Sogn og Fjordane, til å fylle rolla som leiar prosjekt.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Utarbeide, implementere og følgje opp samfunnsnyttige prosjekt i regi av stiftinga
- Vere ein pådrivar og støttespelar for frivillig sektor, og andre sentral samarbeidspartar som til dømes utdanningsinstitusjonar og kommunar
- Handsaming av gåvesøknader og følgje opp vedtak på gåvetildelingar
- Profilere stiftinga sin aktivitet på heimesider og i sosiale media
- Bidra til å utvikle Sparebankstiftinga sitt samfunnsengasjement, til det beste for Sogn og Fjordane
Vi ser etter deg som:
- Har eit sterkt og smittande engasjement, og ønskjer å vere med å utvikle Sogn og Fjordane til ein betre stad å bu og leve
- Er ein solid relasjonsbyggar
- Trivast med å arbeide sjølvstendig, har god gjennomføringskraft og gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonseigenskapar, både skriftleg og munnleg
- Nysgjerrig, analytisk og strukturert
- God kompetanse innan økonomi og prosjektleiing
Vi kan tilby ein meiningsfull og spennande jobb for deg som ivrar etter å utvikle regionen vår. Du vil få tilgang til eit breitt nettverk og gode møteplassar innan fleire sektorar; stiftingar og sparebankar.
Vi har tru på at dei beste tilsette er dei og som får rom til å utvikle seg personleg og fagleg, og vi legg til rette for ein innhaldsrik arbeidskvardag. Vi tilbyr god opplæring. Konkurransedyktig løns- og pensjonsordning og gode moglegheiter for vidareutdanning.
Kontorstad; Førde
Vi høyrer gjerne frå deg!
Søknadsfrist 31. januar
Kontaktpersonar:
Direktør Hallvard Klakegg
mob: 481 67 058
Leiar gåve og samfunnskontakt Yngve Thorsen
mob: 908 02 575
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er ein av dei største sparebankstiftingane i landet med ein forvaltningskapital på 3 milliardar kroner. Stiftinga sine viktigaste formål er å stå for eit stabilt og langsiktig eigarskap i Sparebank1 Sogn og Fjordane, utøve forsvarleg kapitalforvaltning og å vidareføre sparebank-tradisjonar ved gje gåver til allmennyttige formål. Stiftinga har sidan oppstarten i 2010 tildelt gåver for om lag 500 millionar kroner frå banken sitt overskot tilbake til samfunnet. Stiftinga forventar å tildele omlag 100 millionar i gåver til samfunnsnyttige tiltak i 2025.