– Eg vil anbefale alle som går og rugar på noko i magen eller ryggmargen om å søke før 1. mars, seier Ruth Laberg i IL Jotun i videoen over.

Gjer som Ruth – søk før 1. mars

Frå 1. februar kan du søkje om gåvemidlar i samband med vårens søknadsrunde. Søknadsfristen er 1. mars.

Vi tar igjen imot søknadar om gåver til samfunnsnyttige tiltak. Alle søknadar må registrerast i vår søknadsportal, som du finn her.

“Ordinær søknad” tyder at det ikkje er noko grense for kva beløp du kan søkje om, og søknaden må registrerast seinast 1. mars. Desse søknadane har ca. 8 vekers handsamingstid.

Hugs at du òg kan registrere ein “Forenkla søknad” dersom du har tenkt å søkje om inntil kr. 50 000,-. Forenkla søknad har ingen søknadsfrist, og du får raskare svar; her er det ca. 4 vekers handsamingstid.

Har du spørsmål om registrering av søknadar, kontakt Leiar Gåve og Samfunnskontakt Yngve Thorsen.
Tlf. nr.: 90 80 25 75/ e-post; yngve.thorsen@sparebankstiftinga.no