Som tidlegare annonsert vart det halde val til Sparebankstiftinga si Generalforsamling 10.-12. mars i år. Her ser du kven som vart valt.

Avstemminga vart som vanleg gjort pr. e-post blant banken sine innskotskundar med adresse i Sogn og Fjordane, og det vart registrert 475 stemmer. Vi er takksame for innskytarane som engasjerete seg i valet.

Som annonsert i framkant av valet skulle det velgjast tre faste representantar og eit varamedlem. Her er dei som vart valt inn for dei neste 4 åra:

Nye faste representantar:

Nils Magne Slinde (Leikanger)

Martine Fosse Sveian (Kalvåg)

Gro Gjerdevik (Nordfjordeid)

Ny 2. Vararepresentant:

Marte Krogstadmo (Sogndal)

Sparebankstiftinga ønskjer å takke valnemnda for godt og grundig arbeid, og samtlege kandidatar som stilte til val.

Samansettinga av Generalforsamlinga, slik den ser ut etter årets val finn du her.