– Plastdugnaden har både miljømessige og samfunnsmessige gevinstar, seier Henrik Hundershagen, fungerande berekraftsansvarleg i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Rydd boss og få pengar til laget ditt
No kan barn og unge i Sogn og Fjordane rydde i naturen og samstundes skaffe pengar til fritidsaktiviteten sin.
I 2024 lanserte Handelens Miljøfond «Plastdugnaden» – ein ny måte for barn og unge å skaffe dugnadsmidlar til fritidsaktivitetar på, gjennom rydding i naturen i staden for sal av produkt.
Kvart barn som deltok i fjor, mottok 500 kroner for tre timar rydding.
Påmeldinga til Plastdugnaden 2025 opnar 5. mars kl. 10.00. For meir info og påmelding av laget eller foreininga di, sjekk nettsida til Handelens Miljøfond.
Bra for både miljøet og samfunnet
I 2025 har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sett av 1,4 millionar kroner til Plastdugnaden for barn og unge i Sogn og Fjordane. Desse pengane kjem frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
– Dette er vinn-vinn for alle, seier Henrik Hundershagen, fungerande berekraftansvarleg i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Han held fram:
– Plastdugnaden har både miljømessige og samfunnsmessige gevinstar. Avfall i naturen er eit stort problem, og dette er ein veldig fin måte å bevisstgjere det for barn og unge. Når det i tillegg kan gi dei pengar til fritidsaktiviteten sin, så er det kjempebra, seier Hundershagen.
Hjelpte 25 000 barn i fjor
Cecilie Lind, dagleg leiar i Handelens Miljøfond, seier at dugnaden i fjor var ein suksess, men håpar og trur at 2025 blir endå betre.
– Plastdugnaden 2024 blei eit kjempepopulært tiltak som hjelpte 25 000 barn med å finansiere fritidsaktivitetane sine sjølv, utan å belaste familiane økonomisk. Vi er utruleg stolte over at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane blir med på laget i år, slik at endå fleire barn kan komme seg ut og rydde i staden for å selje dugnadsartiklar, seier Lind.