Lillian er ny i Sparebankstiftinga

Lillian Loen er tilsett som leiar for prosjekt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og blir ein initiativtakar og relasjonsbyggar mellom organisasjonar i Sogn og Fjordane.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har eit mål om å ta ei aktiv rolle i samfunnsutviklinga, og har tilsett Lillian Loen til å fylle ei ny rolle som leiar for dette arbeidet. I praksis betyr det i vid forstand at hennar viktigaste oppgåve blir å vere ein initiativtakar og relasjonsbyggar mellom organisasjonar i Sogn og Fjordane.

Brenn for Sogn og Fjordane

– Målet er at det skal bli betre å bu og leve i Sogn og Fjordane. Dette er eit svært viktig samfunnsoppdrag som sparebankstiftinga set ord på, og eg ser mellom anna at det å hindre utanforskap blir viktig. Samfunnet endrar seg heile tida, og vi må utvikle organisasjonar og setje i verk handlingar som tek i seg desse endringane. På den måten blir det mi oppgåve å ta initiativ og bygge relasjonar i ordets vidaste forstand, smiler Lillian Loen som i mange år har jobba i SpareBank 1 Sogn og Fjordane som Fagsjef på HR der ho mellom anna har vore rekrutteringsansvarleg.

I den nye stillinga vil Loen få ansvar for å følge opp samfunnsnyttige tiltak som stiftinga initierer. Ho vil vere både ein pådrivar og støttespelar for den frivillige sektoren i Sogn og Fjordane. Noko som også vil bety tett samarbeid med lag/organisasjonar, kommunar og utdannings-institusjonar.

Sparebankstiftinga forvaltar overskotet til Sparebank 1 Sogn og Fjordane som blir gitt tilbake til allmennyttige tiltak i form av gåvemidlar. Lillian kjenner banken godt etter sju år i organisasjonen.

– Eg veit kva arbeid som ligg bak overskotet som banken leverer, så eg kjenner meg priviligert som får vere med å la overskotet lage nye ringverknadar i regionen vår.

Nettverksbyggar

– Eg brenn for det frivillige engasjementet i heilskap, seier Loen som sjølv har fleire frivillige verv på fritida. Det er meiningsfullt og energigjevande å bidra til det store fellesskapet, seier ho.

Dette er haldningar ho også vil ta med seg inn i nyejobben i Sparebankstiftinga. Det er viktig å bygge relasjonar og lage nettverk, seier Lillian Loen som på mange måtar skal spinne eit edderkopp-nett rundt viktige samfunnsutfordringar i Sogn og Fjordane.

Sparebankstiftinga har allereie etablert eit godt nettverk og har kapital, og Loen vil vere tett på gåveområdet.

– Det blir viktig at kvar krone som går tilbake til organisasjonane, skal gi mangfald, trivsel og utvikling i lokalsamfunna våre. Desse verdiane har eg ønske om skal styrkast, og at folk skal kjenne at dette er verdiar det er viktig å hegne om, seier Lillian Loen som startar formelt i jobben 1. juni.

Mange som søkte

– Det var 40 søkarar til stillinga som leiar prosjekt og det var mange godt kvalifiserte kandidatar, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Lillian peika seg ut som den beste kandidaten. Ho er sterk på relasjons- og nettverksbygging, har høg arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne. I tillegg har Lillian eit sterkt samfunnsengasjement og ho er genuint opptatt av fellesskapet. Vi er svært glade for at Lillian takka ja til jobben, for ho har alt som skal til for å lukkast i denne rolla, seier Klakegg nøgd.

Verdiar

– Vi skal fremme inkludering, kultur, idrett, utdanning og sosialt fellesskap. Her i Sogn og Fjordane har vi eit rikt og variert næringsliv samt mangfaldig kulturliv og gode utdanningstilbod. Dette er dei viktigaste grunnane til at vi har trygge og gode lokalsamfunn. Dette er verdiar som har stor betydning for dei fleste av oss, og som vi må bygge vidare på, avsluttar Loen.