Vil løfte arbeidet med lokale stiar
Eit førtitals deltakarar frå heile Sogn og Fjordane deltok på seminaret til DNT Sogn og Fjordane angåande utbetringar av turstiane. -Ingen tvil om at det er eit viktig arbeid å gripe fatt i, seier Yngve Thorsen.
Thorsen er gåve og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og i samband med at stiftinga i fjor gav 20 millionar kroner i rammegåve til DNT Sogn og Fjordane, er ønsket at kvalitetane på mange av stiane skal bli betre. Og DNT Sogn og Fjordane har verkeleg teke på seg arbeidshanskane på kort tid. I tillegg til å løyve pengar til aktuelle turstiar som skal renoverast, er fokuset på å heve kompetansen på stiarbeidet som blir utført i tida. Både i form av seminar og ikkje minst praktiske stikurs i tida som kjem.
Mindre sherpaer
Eller som Rune Holen i Statens Naturoppsyn understreka på seminaret etter at han har drive med «Stiskulen» i fleire år:
-Vi har verdas flottaste natur i Norge, og det er forståeleg at folk frå heile verda vil hit for å oppleve dette. Dessutan har vi utfordringar med tanke på klimaendringar, samt nye brukargrupper, som til dømes syklar på stiane våre. Dette er noko av bakteppet vi må ha når det gjeld stiarbeidet framover, sa Holen og understreka at det var viktig av å lære av feila som er gjort gjennom historia.
-Vi har no komme til eit punkt der vi ser at steinstier skal avgrensast, og vi må ikkje minst ha fokus på drenerings-problematikken. Og som ein gylden regel handlar det om å lage rett sti på rett plass. Plutseleg kan vi sjå at sosiale medier og influensarar sin påverknad kan gjere at enkelte stiar vert øydelagde. Ikkje minst fordi vi har ein sårbar natur, sa Holen og viste til plassar i Lofoten og i Loen-området, med klar adresse til både Raksetra og Breng.
Praktisk kurs
-Vi kjem til å ha eit praktisk stikurs tidleg i juni, og håpar mange interesserte dukkar opp der også. Vi lærer best ute i naturen, understreka Holen på seminaret som også hadde innleiarar som tok opp utfordringar overfor til dømes grunneigarar, spelemiddelutfordringar og konkret merking av stiar. Dessutan kunne representantar frå stiprosjekta på Nordre Heia i Sunnfjord, Balestrand i Sogndal samt Segestad i Stryn orientere om sine stiprosjekt.
-Det er utruleg flott at dette temaet endeleg er på dagsorden. Aldri får har så mange søkt ut i naturen, og det er naturleg at det kan bli slitasje. Då er det fantastisk å oppleve at vi på denne måten kan heve kompetansen på å forbetre stiarbeidet. Ikkje minst når både kommunar og turlag med interesserte stibyggjarar stiller opp. For her snakkar vi heilt klart om ein vinn/vinn-situasjon, seier Yngve Thorsen i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Stiftinga forvaltar overskotet i SpareBank 1 Sogn og Fjordane og deler kvart år ut midler til allmennyttige føremål i Sogn og Fjordane.
-Og det er iallfall ingen tvil om at gåva til DNT Sogn og Fjordane når flesteparten av innbyggjarane i Sogn og Fjordane, understreka Yngve Thorsenog vert støtta av prosjektleiaren Gry Thyrrestrup.
-No håpar vi berre at mange av dei lokale turlaga finn gode stiprosjekt som dei vil utvikle, seier ho.
Oversikta
Oversikt over innleiarar og tema på seminaret til DNT Sogn og Fjordane:
Rune Holen, Statens Naturoppsyn: Planlegging av stiprosjekt
Torgeir Nergaard Berg, DNT: Verktøy for stiutvikling, og publisering
Jørgen Hundset, Vener av Balestrandfjella: Stiutvikling lokalt
Merete Støfring, Vestland Bondelag: Grunneigar-tilhøve
Ingebjørg Erikstad, Indre Sunnfjord Turlag: Stiprosjektet på Nordheia
Atle Skrede, Vestland fylkeskommune: Spelemidler og prosjektmidler
Olav Auflem, Indre Nordfjord Turlag: Stiprosjektet Glomes-Segestad.
Tekst og foto: Stig Roger Eide.