Om oss
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er saman med Sparebankstiftinga Fjaler eigar av Sparebanken Sogn og Fjordane. Gjennom sitt eigarskap i sparebanken har stiftinga ein eigenkapital på om lag 2 milliardar og er dermed ein av dei største forretningsstiftingane i landet.
Stiftinga ønskjer å vere ein viktig aktør for samfunnsutviklinga i Sogn og Fjordane, som den dominerande eigaren av den største banken i regionen og gjennom utdeling av gåver til allmennyttige formål. Som eigar av banken vil vi få årlege utbytte frå overskotet av bankdrifta, og deler av dette vil gjevast som støtte til lags- og kulturlivet i vår region – i god sparebanktradisjon.
Sparebankstiftinga har følgjande formål:
- Å vere ein langsiktig og stabil eigar i Sparebanken Sogn og Fjordane, og å vidareføre sparebanktradisjonar.
- Gi gåver til allmennyttige føremål. Ved si verksemd skal stiftinga støtte Sparebanken Sogn og Fjordane si verksemd.
- Plassere midlar på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkastning.