Eigarstrategi
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er største eigar i Sparebanken Sogn og Fjordane. Stiftinga eige i dag omlag 93% av eigenkapitalbevisa i banken.
Sentrale målsettingar i eigarstrategien
- Stiftinga skal vere ein langsiktig og stabil eigar i SSF, med ein eigarandel på minimum 67 %
- Stiftinga skal definere klare krav og forventningar til banken
- Stiftinga skal vere ein aktiv eigar og i vår verksemd støtte banken si verksemd innan samfunnsengasjement og sparebankstradisjonar
- Stiftinga skal arbeide for årlege utbytte som er konkurransedyktig i høve samanliknbare bankar
- Stiftinga skal ha beredskapskapital tilgjengeleg for å delta i framtidige kapitalutvidingar i banken