Gåvestrategi
Målsettinga med gåvetildelingane er at vi skal gjere Sogn og Fjordane til ein rikare og betre plass å vere gjennom å fremje verdiar som mangfald, trivsel og utvikling.
Hovuddelen av midlane vert delt ut etter søknad. Men stiftinga vil i tillegg ta eigne initiativ for å utfylle dei mottekne søknadane med område stiftinga ønskjer å prioritere. I inneverande planperiode vil dette gjelde områda miljø, inkludering og overordna næringsutvikling.
Satsinga på miljø inneberer at stiftinga både vil leite aktivt etter prosjekt som bidrar positivt på miljø/berekraft-feltet, og prioritere tiltak og prosjekt med positiv miljøeffekt framfor tiltak med negativ miljøeffekt i handsaminga av innkomne søknadar.
Stiftinga har definert overordna næringssatsing som det mest ressurskrevjande av desse områda i åra framover. Det vil seie at stiftinga vil prioritere meir midlar på dette området, føresett at årleg gåvebeløp kan aukast i åra framover. Stiftinga vil ikkje redusere midlar til øvrige føremål.