Kapitalforvaltninga
Styret i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane (Stiftinga) har vedtatt plan for kapitalforvaltninga som definerer dei overordna retningslinjene for forvaltning av Stiftinga sine midlar, utover eigenkapitalbevisa i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Stiftinga har følgjande overordna mål for kapitalforvaltninga
- Stifting har som føremål å stille opp for banken med kapital når situasjonen krev det. I tillegg skal Stiftinga sikre kontinuitet i den allmennyttige verksemda som årlege gåvetildelingar til samfunnsnyttige tiltak i Sogn og Fjordane.
- Stifting skal ha evigvarande drift som utgangspunkt for si kapitalforvaltning.
- Stiftinga sine midlar skal plasserast på ein føremålstenleg måte ut i frå omsynet til risiko, risikospreiing, likviditet og forventa avkastning.
- Det er viktig at Stiftinga sine plasseringar er etisk forsvarlege og at ein unngår plasseringar som kan skade Stiftinga sitt omdøme og tillit.
- Stiftinga skal til ein kvar tid ha tilstrekkeleg likviditet til å dekke løpande plikter.
Portefølje
Styret i Stiftinga har vedtatt å dele finansporteføljen i to delporteføljar;
- beredskapskapital
- portefølje med frie midlar
I kapitalforvaltninga skil ein mellom desse porteføljene. Beredskapskapitalen skal sikre formålet om langsiktig og stabilt eigarskap i banken og midlar for 3 år drift og gåveutdeling i Stiftinga. Dei frie midlane skal sikre sparebanktradisjonane og gåver til allmennyttig formål til noverande og framtidige generasjonar.
Porteføljerapportar
Rapport finansportefølje 30. september 2024