Strategidokument
Strategi 2020-2023
Bakgrunn og føremål
Bakgrunnen for sparebankstiftingane er å sikre at midlane opparbeidd gjennom nær 200 år (gjennom lokale sparebankar, og kornmagasin før dette) er sikra lokal nytte og lokalt eigarskap.
Sparebankstiftinga sitt føremål er difor å forvalte sin eigarskap av Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) på langsiktig og stabilt vis, og vidareføre sparebanktradisjonane. Mellom anna gjennom gåver til allmennyttige føremål i distriktet som har bygd opp kapitalen, og å støtte SSF si verksemd.
Eigarstrategi
Målsettingar for eigarstrategien er at
- Vi skal vere ein langsiktig og stabil eigar i SSF med ein eigardel om lag som i dag (ca.94 %) så lenge banken ikkje er børsnotert.
- Vi skal ha beredskap for å legge til rette for børsnotering av SSF når tilhøva tilseier det, men framleis ha ein eigardel på minimum 67%.
- Vi skal vere ein aktiv og krevjande eigar, og bistå slik at SSF er ein konkurransedyktig bank.
Forvaltningsstrategi
Målsettingar for forvaltningsstrategien er at
- Stiftinga sine midlar skal plasserast på ein føremålstenleg og trygg måte.
- Stiftinga vil sikre stabil drift, dele ut gåvemidlar og kunne delta i framtidige kapitalutvidingar i Sparebanken Sogn og Fjordane.
- Stiftinga skal ha høg etisk standard og evig drift som mål for si kapitalforvaltning.
- Stiftinga skal sikre at det blir gjort ansvarlege investeringar. Retningslinjene og prinsipp frå FNs Global Compact og retningslinjer frå Statens pensjonsfond utland, ligg til grunn for å nå måla om forsvarlege investeringar.
- Stiftinga skal velje eksterne kapitalforvaltarar som er solide, velrennomerte og har ein god ESG strategi. Miljø og berekraft blir vektlagt særskilt ved val av forvaltarar.
Gåvestrategi
Målsettinga med gåvetildelingane er at vi skal gjere Sogn og Fjordane til ein rikare og betre plass å vere gjennom å fremje verdiar som mangfald, trivsel og utvikling.
Hovuddelen av midlane vert delt ut etter søknad. Men stiftinga vil i tillegg ta eigne initiativ for å utfylle dei mottekne søknadane med område stiftinga ønskjer å prioritere. I inneverande planperiode vil dette gjelde områda miljø, inkludering og overordna næringsutvikling.
Satsinga på miljø inneberer at stiftinga både vil leite aktivt etter prosjekt som bidrar positivt på miljø/berekraft-feltet, og prioritere tiltak og prosjekt med positiv miljøeffekt framfor tiltak med negativ miljøeffekt i handsaminga av innkomne søknadar. Stiftinga har som mål at gåvetildelingane skal ha positiv miljøeffekt i sum kvart år.
Stiftinga har definert overordna næringssatsing som det mest kostnadskrevjande av desse områda i åra framover. Det vil seie at stiftinga vil prioritere meir midlar på dette området, føresett at årleg gåvebeløp kan aukast i åra framover. Stiftinga vil ikkje redusere midlar til øvrige føremål.
Kommunikasjonsstrategi
Målsettingar for kommunikasjonsstrategien er at
- Stiftinga skal vere imøtekomande, truverdige og opne om vårt virke.
- Gjennom media skal vi framstå med kunnskap, etikk og sjarm.
- Stiftinga skal kommunisere i harmoni med SSF og støtte opp om deira omdømme.
- Vi skal vere opne også i høve til direkte dialog med søkjarane. Stiftinga vil imøtekome søkjarar som ønskjer å presentere sine prosjekt, eller som ønskjer bistand i søknadsutforming, i størst mogleg grad.
- Unntak iht. openheit er at stiftinga ikkje grunngjer avslag på gåvesøknader eller opplyser om plasseringar som kan utløyse marknadspåverknad.