Vilkår for gåvetildeling
Følgjande søkjarar skal prioriterast:
- Prosjekt og organisasjonar som arbeider for og med barn og ungdom.
- Prosjekt og organisasjonar drive av frivillige.
- Tiltak med positiv miljøeffekt
- Tiltak og investeringar med langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet skal prioriterast framfor kortvarige aktivitetar, arrangement og prosjekt.
- Lokalt forankra prosjekt skal prioriterast framfor større, fylkesdekkande prosjekt i situasjonar der vi har avgrensa midlar til fordeling.
- Prosjekt og organisasjonar som har klåre visjonar og tankar bak sine tiltak.
- Søknader om tiltak og investeringar med langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet vil normalt verte prioritert foran søknader om rein driftsstøtte (lønn, husleige og andre driftskostnader).
Det vert ikkje gjeve støtte til:
- Politiske parti eller føremål som kan utnyttast i politisk samanheng.
- Næringsverksemd eller prosjekt i regi av kommersielle selskap der det ikkje er tydleg avklara korleis selskapet handterer eit eventuelt overskot av prosjektet, eller der det er uklårt om det ligg kommersielle interesser bak.
- Tiltak med negativ effekt for miljøet.
- Typiske offentlege oppgåver.
- Lukka medlemsorganisasjonar.
Som hovudregel ber vi om at du gir så fullstendige opplysningar om tiltaket som mogleg. Budsjett for tiltaket ein søkjer om gåve til er påkravd. Mangelfulle eller uklare opplysningar kan vere grunnlag for avslag.
Søkarar som av ulike grunnar ønskjer å halde søknaden sin utanfor ålmenta, skal respekterast. Alle tildelte beløp er likevel offentlege.
Alle søknadar skal sendast inn via søknadsskjemaet i menyen til høgre. Søknadar sendt/levert på annan måte vil ikkje bli vurdert.
Avslag på gåvesøknader vil ikkje bli grunngjeve.