Praktisk info om gåveprosessen
Før ein startar innsending av søknad, kan det vere greit å lese gjennom teksten nedanfor for å vere trygg på kva forventningar Sparebankstiftinga har til deg som søkjar.
Gåvesøknaden utløyser evt. trinna nedanfor dersom og når ein får positiv respons på søknaden. Gåvesøknad skal registrerast i vår søknadsportal. Søknadsbeløp på inntil 30.000 kroner (“forenkla søknad”) kan ein søkje om heile året og få svar innan 4 veker; større søknadsbeløp (“fullstendig søknad”) har søknadsfrist 1. mars og 1. september (8 vekers handsamingstid).
Når det gjeld kva ein skal vektlegge i søknaden, ser vi primært etter kva allmennyttig verdi tiltaket har (jfr stiftinga sitt føremål), og om du/din organisasjon er den rette til å gjennomføre tiltaket. Vi vil òg sjå konkret korleis du har tenkt å nytte midlane, difor er budsjett for tiltaket du søkjer midlar til obligatorisk. Sjå elles fleire praktiske søknadstips her.
Tildelingsmail: Ved positivt vedtak får gåvesøkjar ein tildelingsmail kor vilkåra for gåvetildelinga går fram. Vi føreset at gåvesøkjaren er vår kontaktperson gjennom heile prosessen, dersom vi ikkje får melding om anna. (altså den som har registrert søknaden)
Utbetalingsoppmoding: Som det står i tildelingsmailen, rekner vi med å få ein utbetalingsoppmoding frå gåvesøkjar så snart ein kan stadfesta at tiltaket som har fått gåve blir gjennomført som skildra i søknaden. Det er sjølvsagt ingenting i vegen for at ein kan vente med å sende utbetalingsoppmodinga til etter at tiltaket er gjennomført – gåva står i utgangspunktet til mottakar sin disposisjon i eitt år frå tildelingsdato (dvs tildelingsmail).
Sluttrapport: vi krevjer ein enkel sluttrapport frå alle gåvemottakarar; uansett storleik på gåva. Dette vert gjort etter at tiltaket er gjennomført, og når denne er godkjent er prosessen avslutta frå søkjar si side. Det kan vere greit å vere klar over at gåvetildelingar som manglar sluttrapport kan påverke framtidige søknadar frå både same organisasjon og ansvarleg søkjar, og saka vert ikkje avslutta før sluttrapport er motteke og godkjent.
Korleis ein leverer sluttrapport ser du her.
Korleis endre ansvarleg kontaktperson, utsett rapportfrist eller omdisponering: For gåver tildelt frå 2019 endrar du dette i søknadsportalen sjølv. For gåver gitt i 2018 eller tidlegare, ber vi om at du tar kontakt på epost post@sparebankstiftinga.no
Elles tilrår vi generelt å ta kontakt med oss om du har spørsmål, anten det gjeld ein framtidig søknad eller tidlegare tildelingar.