Rapport for tidlegare gåve
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane krevjer at ein sender inn rapport for alle mottekne gåver frå stiftinga. Rapporten skal sendast etter at tiltaket er gjennomført, og seinast innan eitt år etter at gåva vart tildelt.
Manglande rapportering for gåvemidlar kan føre til at ein ikkje kan søkje om gåver ved seinare høve, og i graverande tilfelle krav om tilbakeføring av gåvemidlane. (Dette gjeld både organisasjonen som mottek gåva, og personen/ personane som står ansvarleg for søknaden.)
Slik sender du inn sluttrapport:
FOR GÅVER TILDELT FRÅ OG MED 2019:
Logg inn HER og klikk på fana “SLUTTRAPPORT” i høgre kolonne
FOR ELDRE GÅVETILDELINGAR:
Send sluttrapport på mail til post@sparebankstiftinga.no der du fortel korleis det gjekk med tiltaket og stadfestar at midlane vart nytta som føresett (evt. forklarer kvifor ikkje).